Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Har du plass til eit ekstra barne eller ungdom i familien din?

¤EPII_TITLE¤

Vi har behov for fleire familiar som kan vere avlastningsheim. Barn med ekstra utfordringar er som alle andre barn. Forskjellige. Felles for alle barna/ungdommane er behovet for vaksne som kan gi dei tryggleik, omsorg, kjærleik og ein forutsigbar kvardag.

Familiar med barn med ulike utfordringar er stort sett som andre familiar. Men dei har eit barna som krev ekstra oppfølging i kvardagen. Det gjer at foreldra ofte treng eit pusterom for å kunne ta vare på seg sjølv, familieforholdet og andre barn i familien.

Å være avlastningsheim er å ta imot eit barn eller ein ungdom. Det kan vere ein eller fleire helgar per månad, ferier eller ein fast ettermiddag i veka. Omfanget av avlastning vert gitt ut frå foreldra sine ynskjer og behov.

Tilbodet om avlastning vert gitt som eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særlig tyngande omsorgsoppgåver.

Avlastningsheimen skal ikkje erstattar barndomsheimen hos dei biologiske foreldre.

De vert ikkje stilt noko krav om formell utdanning. Det lagt størst vekt på personleg eigenskapar. Du/de kan gjerne ha eigne barn.

Det vert kravd politiattest frå den/dei som tek på seg oppgåva.

Det vert utbetalt arbeidsgodtgjersle og utgiftsdekning etter KS' satsar.

KS har rettleiande satsar for fosterheim og besøksheim som vert regulert kvart år. Utgiftsdekninga er forskjellig ut frå alderen på barnet, mens arbeidsgodtgjersla i utgangspunktet er lik.

Ta kontakt med Anita Kjersheim på tlf. 918 98 753 eller på e-post anita.kjersheim@sykkylven.kommune.no for nærmare spørsmål og samtale .

.

Info 
Web Redaktør 31.03.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]