Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Intensjonsavtalar er signerte!

¤EPII_TITLE¤ Avtale med Stranda og med Regionkommune Ålesund er ferdig forhandla. No er det opp til innbyggarane og kommunestyret å avgjere.

Ordførarane Sykkylven og Stranda
Fotograf: Web Redaktør

Ordførarane Odd Jostein Drotninghaug og Jan Ove Tryggestad signerer avtalen for Stranda og Sykkylven kommune.

10 ordførarar signerer intensjonsavtale Ålesund
Fotograf: Web Redaktør

10 ordførarar signerer intensjonsavtale Ålesund

Ordførarane i dei 10 kommunane som utgjer Regionkommune Ålesund.


Sykkylven kommune har forhandla både med Stranda kommune og med kommunane i Regionkommune Ålesund.

Avtalane legg overordna rammer for ein mogleg framtidig kommune.   
  
Nokre hovudtrekk i avtalane er:

Stranda og Sykkylven kommune: Ordførar og rådmann vert plassert i Sykkylven, medan ei ny næringsavdeling vert plassert på Stranda. Generelt fokus på utvikling og næring. 

Regionkommune Ålesund: Omfattar 10 kommunar. Ordførar og rådmann vert plassert  i Ålesund. Etablerer kommunedelsutval for kvar av dei gamle kommunane  som skal sikre medverknad og  lokaldemokrati. 

Begge avtalane slår fast at tenester skal ytast der folk bur, og ein ikkje skal starte restrukturering av tenestetilbodet som ein del av reforma. Spesialisttenester vert samordna. Ansvar og arbeidsoppgåver skal ha ei balansert  fordeling mellom dei gamle kommunane.  Alle tilsette er sikra vidare arbeid i den nye kommunen.

Dei signerte avtalane finn du her:

Stranda og Sykkylven kommune Signert intensjonsavtale

Regionkommune Ålesund Signert intensjonsavtale

Sykkylven kommunestyre vil den 30.mars ta stilling til om det skal haldast folkerøysting eller ei utvida høyring.
Saka finn du her.

Fram mot røysting/høyring vil det bli informert på ulikt vis om dei tre alternativa Sykkylven no har; Stranda og Sykkylven kommune, Regionkommune Ålesund eller at Sykkylven held fram som eiga kommune. 

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni. 

Dersom det vert samanslåing vert det oppretta ei fellesnemnd som får ansvar for samanslåingsprosessen vidare.  Den nye kommunen skal i så fall vere etablert 1.januar 2020.
Info 
Web Redaktør 18.03.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]