Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Informasjon om fjellskredberedskap og evakueringssoner

¤EPII_TITLE¤ Alle dei ti involverte kommunane sender i desse dagar ut brev til eigarar av bustader/fritidsbustader og næringsdrivande i evakueringssona for eit fjellskred frå Åkneset.

Dette blir gjort som eit ledd i arbeidet med å revidere planverket knytt til fjellskred. Ein ønskjer å sikre at alle det gjeld, er kjent med at dei ligg innanfor evakueringssona.

I breva blir det gjort greie for skilnaden mellom oppskyllingssone og evakueringssone, og det er lagt med kartutsnitt for dei ulike område som viser desse sonene. Oppskyllingssone er merka med blå farge og evakueringssone med raud.

Her er ikkje noko nytt i forhold til evakueringssonene som vart sett i haust. Og det er heller ikkje endringar i oppskyllingssonene, i høve til tidlegare berekningar.

I tillegg blir det orientert om overvakinga, og at denne informasjonen er eit ledd i revideringa av planverk som kommunane og andre offentlege styresmakter og verksemder er i gang med. Vi må alle tenkje gjennom situasjonen for eigen del. Dette gjer oss til meir robuste lokalsamfunn.

For å nå ut med breva er det gjort eit omfattande arbeid med å kartlegge eigedomar innafor sonen, og også næringsdrivande.

Den som eig bustadeigedom eller fritidseigedom er ansvarleg for å vidareformidle informasjon til ev. leigetakarar. Dette gjeld også næringseigedom, men når det gjeld næringsdrivande er det gjort eit forsøk på å kartlegge alle desse slik at dei får brev direkte.

Breva som vert sendt ut ligg som vedlegg til denne artikkelen.

Det er altså ikkje noko nytt i sjølve situasjonen; bevegelsane i fjellområdet er som dei har vore og overvakinga er kontinuerleg. Det einaste som er nytt er arbeidet med oppdatering av planverket og i samband med det: dette informasjonstiltaket.

I denne linken kan du gå inn og sjå på oppskyllingsoner og evakueringssoner for heile området: http://www.gislink.no/Kart/index.html?Viewer=beredskap


Formålet med å sende ut brev er altså å gi god faktainformasjon til alle som blir berørt, og sikre at alle kjenner til at dei vert «ramma» av ei ev. fjellskredhending. Brevet er ei stadfesting på det dei fleste no veit – men vi vil seie frå slik at alle faktisk er budd. Då kan kvar enkelt tenke over korleis dei kan sikre verdiane sine i høve til dette.

Risikoen for fjellskred og flodbølgjer er kjent, den er grundig kartlagt og handtert gjennom døgnkontinuerleg overvaking, system for tidleg varsling, evakueringssoner og evakueringsplanar.

Det er trygt å bu og arbeide i, og også besøke bygdene langs Storfjorden.

Info 
Skjeret, Torill Olin 06.04.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]