Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Fjøre til fjells 2016

¤EPII_TITLE¤ Turorienteringa «Frå fjøre til fjells» startar oppatt søndag 1.mai.
12 spennande turmål er valt ut, og fjølene med bokstavkoder blir sett ut på dei enklaste turmåla til søndag 1.mai.
Dei resterande fjølene blir sett ut så snart forholda tillèt det .

Turmåla er også i år spreidde geografisk i bygda og med ulik vanskegrad. I år har vi også valt å ta oppatt nokre turar frå tidlegare år.
Vi vonar at like mange deltek også i år, for å gå ut på tur, leite etter fjøler med kodar- og oppleve nye flotte plassar i kommunen vår.

Turkorta blir lagt ut for sal ved butikkane Intersport og Sport 1 i Sykkylven til laurdag 30. april. Prisen er som tidlegare: 100,- pr.person / 250,- pr.familie.

Vi avsluttar og tek ned fjølene når haustferien til skulane er slutt – søndag 16.oktober.

Finn du minst 6 fjøler m/kode er du med på premietrekking laurdag 29. oktober på Sykkylven kulturhus.

Stadnamn og enkel turbeskriving står på turkorta du kjøper.
Vis hensyn ved parkering og spør evt. grunneigar.
Hugs bandtvang på hundar!

Turmåla i år er:

Sessvatna– grøn tur
Reset (Riksheim) – grøn
Nova (Ramstad) – blå
Verkjet (gruve på Løkedalen - Melset) – grøn
Kleivdalsfjellet – blå
Dravlausnykjen – raud
Veltneset (Vindsneset i Søvikdal) – grøn
Stavekollen – blå
Tua (Aurdal) – grøn
Tufjellet – blå
Veslesanden brygge (Fetvatnet) – grøn – fellestur søndag 3.juli
Langfjella – raud

Folkehelsekoordinator Lars Petter Vemøy vil på vegne av fjølkomiteèn ynskje alle som deltek God tur!


God helse logo
Fotograf: Logo folkehelsa

2012

 

Info 
Web Redaktør 28.04.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]