Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Hugs bandtvang for hund!

¤EPII_TITLE¤

I Sykkylven kommune gjeld utvida bandtvang i perioden frå og med 1. april til og med 30. september. I denne perioden skal ein hund bli halden i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengd, slik at den ikkje jagar eller gjer skade på storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder egg, reir og bo. Årsaken til bandtvangen er at dyrelivet er ekstra sårbart om våren og sommaren. Hundar skal ikkje skremme opp eller jage fugl, vilt eller beitedyr.

 

Ei oversikt over reglane som gjeld for bandtvang finn du i Lov om hundehald (hundeloven) kapittel 2. Bestemmelsen gjeld i heile Noreg, og kun enkelte hundar i aktiv teneste (t.d. gjetarhundar, politihundar og liknande) blir på visse vilkår unnatekne frå den. (Sjå lov om hundehald, kapittel 2, §9). Forskrift om utvida bandtvang i Sykkylven finn du her: Forskrift om utvida bandtvang for hund, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal.

Hundeeigarar som overtrer bandtvangbestemmelsane kan straffast med bøter og fengsel i inntil 1 månad, jfr. Hundeloven § 18. Offentleg påtale skjer kun når det er påkrevd av allmenne omsyn. Dette inneber at det er politiet/påtalemynda som avgjer om det skal reisast straffesak mot hundeeigaren.

Info 
Web Redaktør 25.09.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]