Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Fornøgd og aktiv ungdom i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Resultata i den store Ungdataundersøkinga blant ungdom viser høg grad av trivsel både på skule og i fritid. Dei fleste har mange vener, gode relasjonar til foreldre og er fysisk aktive på fritida.

Heile 519 elevar ved Sykkylven ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule har svart på spørsmål som omhandlar m.a. skule, fritidsaktivitetar, familie, vener, helse og rusbruk. Vi har fått ein god peikepinn på korleis ungdom har det i kvardagen, og resultata gir oss god informasjon om oppvekst og folkehelse som er nyttig i vidare plan- og utviklingsarbeid.

Rapporten viser at vi ligg ganske jamt med snittet i Noreg på dei fleste tema. Heile 95% oppgir at dei trivst godt på skulen. Vener er viktig for trivsel generelt, og 90% svarer at dei har ein eller fleire gode vener. Det er også gode score i høve relasjon til foreldre, tid til fysisk aktivitet, tid til lekser og allsidig kulturtilbod.

Men sjølv om storparten er fornøgde og har det bra, er det også nokre som har det mindre bra. Vi får stadfesta at det er fleire som opplever psykiske vanskar og einsemd, og både ved ungdomsskulen og ved vidaregåande skule er det elevar som oppgir at dei blir mobba. Dette er i samsvar med helsetenesta og PPT sine erfaringar, og stadfestar behov for vidare satsing på psykisk helse og forsterka innsats mot mobbing.

Når det gjeld bruk av alkohol blant ungdom, viser statistikken ein generell nedgang på landsbasis, og Sykkylven ligg under snittet i Noreg. Likevel opplever politiet ein del problemstillingar knytt til alkoholbruk blant ungdom under 18 år. 12% av dei eldste elevane oppgir å ha brukt hasj eller marihuana minst ein gong i løpet av dei siste 12 mnd. Snittet for Noreg er 11%. Politiet har hatt fleire temadagar ved vidaregåande skule om skadeverknader og konsekvensar av rusbruk. I tillegg vil dei kommunale tenestene i samarbeid med politiet evaluere det førebyggande arbeidet og korleis legge opp det haldningsskapande arbeidet både mot barn, ungdom og foreldre.

Resultata i Ungdata gir oss svært nyttig informasjon til vidare planarbeid og for korleis ressursane bør prioriterast. Målsetting er å gjennomføre undersøkinga kvart 2. år framover, og vi vil slik kunne sjå utvikling over tid.

Nøkkeltala for Sykkylven er publisert på www.ungdata.no.

Info 
Web Redaktør 20.05.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]