Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nytt høgdegrunnlag

¤EPII_TITLE¤

Sykkylven kommune innfører det nye høgdesystemet NN2000. Det nye høgdesystemet erstattar det gamle systemet NN1954.

 Dette har lite å seie for dei fleste, men kan ha betydning for utbyggjarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som brukar kartdata frå - eller skal levere kartdata til - kommunen.

Noreg hevar seg framleis etter istida og høgda endrar seg med opp til 5 millimeter i året. Med variasjon i ulike delar av landet. Difor vert nytt høgdesystem innført.

Høgdesystemet som har vore i bruk til no er NN1954. Det står for «Normal null av 1954» og er eit 60 år gamalt system. Nokre stader i landet er høgdene meir enn 30 centimeter for låge. Dette fordi NN1954 ikkje har vore korrigert for landhevinga dei siste 60 åra.

Sykkylven kommune innfører det nye høgdesystemet NN2000 den 1. juli 2016.


NN2000

NN2000 (Normal Null 2000) er eit nytt nasjonalt høgdegrunnlag som omfattar alle kommunale og statlege kartdata. Nullnivå i NN2000 er representert ved ei referanseflate som harmonerer med middelvasstand i referanseåret 2000. Det nye høgdesystemet er eit felles nordisk vertikalt referansesystem som vil vere stabilt i lang tid framover.

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000

Kartdata som vert leverte av kommunen etter 1. juli 2016 har andre høgdeverdiar (andre z- koordinatar) enn dei har i høgdesystemet NN1954, som er nytta til no.

Grunnriss (x- og y-koordinatar) vert ikkje påverka av dette. Endringa gjeld heller ikkje historiske eller analoge kart.

Kvifor nytt høgdesystem?
 

  • - einsarta homogent høgdesystem for heile landet, med kjend kvalitet,
  • - høgdesystem som stemmer med «marka»,
  • - referanseramma (fastmerka) må til ei kvar tid vere betre enn oppmålingsteknologien,
  • - nøyaktige 3D-data og data frå lasarskanning stiller større krav til høgdegrunnlaget,
  • - meir presis påvising av middelvassnivå er viktig for bygg og anleggsverksemd nær sjøen.


Konsekvensar

Endring av høgdereferanse krev ei omrekning av alle høgdeberande data som gjeld offentlege etatar, planleggarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som arbeider i og for kommunen. Dei kommunale kartdatabasane som er tilgjengelege for sal i Sykkylven kommune eller via Kartverket, får nye NN2000-høgder frå 1. juli 2016.

Det er viktig at brukarar av kommunen sine kartdata er merksame på denne overgangen og ikkje blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse.

Høgdene i ein GPS refererer seg til ellipsoiden. For å måle høgder i NN2000 må ein difor leggje inn ny geoidemodell/HREF-modell på måleboka, HREF2016A_NN2000_EUREF89.

Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye HREF-høgdereferansemodellen 
kan ta kontakt med Kartverket.

Merking av data

For å unngå mistydingar etter overgangen må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt avmerking av høgdereferanse. Til dømes vil uttrekk av data til ei SOSI-fil etter gjennomføringsdato alltid bli koda med ...VERT-DATUM NN2000 i starten av SOSI-fila.

Meir informasjon

Les meir om NN2000 på Statens Kartverk sine nettsider:

Innføring av NN2000 i Møre og Romdal

Ta i bruk NN2000


nn2000-kart
Fotograf: kartverket.no 

Info 
Web Redaktør 24.06.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]