Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sommar i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Når ferien startar kan ein oppleve at bygda stilnar i takt med kvilepulsen, og innbyggjarane spør seg – kva skjer eigentleg i Sykkylven? Ein treng heldigvis ikkje reise langt for å få ein sommar full av flotte minne i heimbygda. Både museum og kunst, friluftsliv frå fjord til fjell og andre kulturelle arrangement, her er noko å finne på for ein kvar smak!

To museum bak ei dør. Møbelmuseet og naturmuseet i Sykkylven held ope søndag, tysdag, onsdag  og torsdag kl. 12-16 i heile sommar.
Sykkylven er ei møbelbygd, og med tilgang til eit flott møbelmuseum  kan ein setje seg ned i ein stolklassikar og inn i historia som gjorde Sykkylven til eit internasjonalt tyngdepunkt for denne industrigreina.
Ikkje nok med det - i same lokalet finn ein Sykkylven Naturmuseum, med ein imponerande fauna på over 250 fugl og pattedyr i flott arrangerte utstillingar. Her fins det mykje spennande, alt frå den velkjende ulven til isbjørn og fuglar samt eit kjekt aktivitetsrom!

Galleri Cylindra  vil halde ope måndag-fredag kl. 10-16 heile sommaren. Dei kunstnariske objekta laga av Peter Opsvik har vore med på utstilling fleire stader i verda,- du kan sjå dei i Tusvik!

I kyrkja vil blåsegruppa frå Barrat Dues halde sommarkonsert 18. juli. Det vert samtidig kunstutstilling i kapellinngangen, og sal av kaker og kaffi.

Utandørs har naturen i Sykkylven mykje å by på, med flotte turstiar frå fjord til fjell. Om ein treng litt ekstra motivasjon, kan ein forsøke å sikre seg premiar gjennom deltaking i Fjøre til fjells!

Andre familieaktivitetar som bading og grilling fins det rom for over heile bygda, både Oddane på Aursneset, badeområdet på Haugneset, laguna i Straumgjerde samt eit flott tillaga uteområde ved Veslesanden brygge ved Fetvatnet, og sjølvsagt den velkjende volleyballbana like utanfor sentrum er nokre av dei gode alternativa ein kan anvende.

Ytste Skotet vil vere ope for besøkande frå 4. til 29. juli når frivillige frå Storfjordens Venner passar garden. Det vert ikkje moglegheit for skyss, servering og overnatting, men dei tek gjerne imot besøk. 7. august er det museumssøndag, då kan den som vil få prøve seg på slåttearbeid!

På Ikornnes kan ein boltre seg i friluftsbassenget  som ligg vakkert til ved fjorden, godt tilrettelagt for både store og små, med nærleik til både kiosk, butikk og serveringsstad.

Vil du nyte fjorden på nært hald? Bli med på grunnkurs i havkajakk  13.-14. august, arrangert av ÅST og Sykkylven Aktiv – sistnemnte har allereie hatt 700 personar på kurs! 

Ønskjer du ein lengre tur til sjøs kan du utforske heile Sunnmøre ved hjelp av skyssbåten MS Nordic Genesis, med moglegheit både for guida turar og måltid i løpet av turen. www.skyssbåt.no

I tillegg tilbyr Sykkylven Aktiv guiding i bygda sin flotte natur for den som ønskjer dette, og kan organisere aktivitetsopplegg med utandørs matlaging og anna kjekt.

Moglegheitene for fiske er mange i Sykkylven, både lakseelvene Aureelva og Straumen samt dei populære fiskevatna på Andestad og Fet er fine alternativ.

Etter alle sommaraktivitetane kan det vere godt å slappe av med litt sommarlektyre i solsteiken – Sykkylven bibliotek held ope i fellesferien. Her kan ein låne bøker og filmar, i tillegg vert den digitale lesekampanjen «Sommarles 2016» for barneskuleelevar arrangert i perioden 1. juni til 31. august, med påfølgjande avslutningsfest i september.

Info 
Web Redaktør 18.07.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]