Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Søk om produksjonstilskot og regionale miljøtilskot i jordbruket

¤EPII_TITLE¤ Frå og med 31. juli 2016 kan du søkje om produksjonstilskot i jordbruket. Søknadsfristen er 20. august 2016. Vi oppmodar alle om å søkje elektronisk.

Elektronisk innlevering reduserer risikoen for feil i søknaden, ettersom ei rekkje opplysningar blir kontrollert før du sender inn søknaden. Dersom du har søkt om produksjonstilskot tidligare, er det elektroniske søknadsskjemaet på førehand utfylt med opplysningar frå dine tidligare søknadar, og når du leverar, kan du be om å få tilsendt ei kvittering for levert søknad. Det elektroniske søknadsskjemaet er både trygt og tidssparande for deg som søkjer.

Når du loggar deg inn i søknaden din via Altinn, kan du velje mellom fleire metodar for innlogging, mellom anna BankID og MinID. Du finn meir informasjon om dei ulike metodane for innlogging på nettsida til Difi:
www.difi.no/elektronisk-id

Skal du søke om produksjonstilskot for første gang?

Då bør du kontakte landbrukskontoret  i god tid før søknadsfristen. Du må mellom anna sikre at føretaket ditt er registrert i Landbruksregisteret. Landbruksregisteret syner koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Søknaden om produksjonstilskot kan ikkje handsamast utan ein slik tilknyting, og du får ikkje levert elektronisk søknad dersom du manglar denne koplinga.

Viktig å kontrollere søknaden!

Dersom du har gløymt opplysningar og vil rette søknaden etter søknadsfristen, vil utbetalt tilskot bli redusert. Det løner seg difor å starte med søknaden tidleg og vere nøyaktig. Dersom søkjar oppdagar at det er ført opp for få dyr eller for lite areal på søknaden og vil rette dette etter søknadsfristen, vert det å rekne som ein ny søknad . Det vil seie at du vert trekt kr 1000 per dag frå søknadsfristen og fram til dei nye opplysningane er registrert.

Rettleiingshefte finn du på
www.slf.dep.no.

Regionale miljøtilskot (RMP)

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Søknadsfristen er 20. august for føretak og 1.november for beitelag. Utbetalinga skjer i mars året etter.
Du kan søkje om tilskot til:

- skjøtsel av bratt areal
- drift av beitelag
- skjøtsel av slåttemark
- tilrettelegging av fuglebiotopar
- drift av enkeltseter med mjølkeproduksjon
- drift av fellesseter med mjølkeproduksjon
- drift av enkeltseter med foredling
- drift av fellesseter med foredling
- skjøtsel av gravminne
- miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel (spreiing vår/vekstsesong og bruk av tilførselsslangar).

Meir informasjon om ordninga finn du
her:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar i kommunen

Mandy Häger (jordbrukssjef), 70 24 67 10,
mandy.hager@sykkylven.kommune.no
Karl Johan Stadsnes (rådgjevar landbruk/miljø), 70 24 67 05,
karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no

Info 
Web Redaktør 04.08.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]