Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Framande arter som skader biologisk mangfald

¤EPII_TITLE¤ Innførsel og spreiing av framande artar er på verdsbasis rekna for å vera ein av dei største truslane mot biologisk mangfald.
Import av prydplanter til hagar og parkar har ein lang tradisjon i Noreg. Dei fleste importplantene er ikkje tilpassa vårt klima og jordsmonn og spreier seg sjeldan utanfor hagegjerdet. Nokre klarer seg derimot bra og forvillar seg ut i naturen. Slike planter vert ofte opplevd som eksotiske innslag i norsk natur. Av og til er det og slik. Nykomlingane gjer ikkje nokon skade. Andre gonger vert framande artar invaderande og utkonkurrerer stadeigne planter og plantesamfunn. Dette går ikkje berre ut over plantene, men også insekt og andre dyr som er avhengige av dei.

Hageeigarar og andre kan vere med å hindre spreiing av framande arter til naturen ved å: 

1. slutte å plante risikoplanter i eigen hage. 
Sjekk at planta du ønskjer å etablere i hagen ikkje er registrert på svartelista (kategori svært høg risiko (SE) og høg risiko (HI).
Informasjon om svartelista arter finn du på "
Artsdatabanken".

2. vurdere å fjerne slike arter frå eigen hage eller hindre spreiing. 
Planter som formeirar og spreier seg med frø kan haldast i sjakk med å klippe blomen før frøsetjing. Planter som spreier seg ved knoppskyting eller jordutløparar må lukast vekk.
Det finst ei rekkje faktaark der dei ulike artane er omtala, både frå Artsdatabanken og Miljødirektoratet.
Fagus (faglig utviklingssenter for grøntanleggssektoren) har laga faktaark som tek for seg nedkjempingsmetodar for mange av dei framande problemartane (slirekne, kjempebjørnekjeks, kjempespringfrø, m.fl.)

3.  slutte å kaste hageavfall i naturen. 
Kast aldri hageavfall i naturen – og slett ikkje i vår felles hage, friområdet! Heller ikkje langs veg og på skrotemark der framande arter kan få rotfeste og spreie seg vidare. Hageavfall bør komposterast, anten i eigen hage eller i offentleg anlegg. Ver merksam på at enkelte plantedelar, som til dømes frø og frøkapslar, skal til forbrenningsanlegg – det vil seie i restavfallsdunken, ikkje til kompostering.

4. sjekke innkjøpte planter for "blindpassasjerar" 
Ver merksam på faren ved følgjeorganismar når du handler eller byter planter. Dei kan vere vanskelege å verte kvitt seinare.

5. vere med å kartlegge framande arter 
Dersom du finn svartelistearter i naturen – legg dei inn i Artsobservasjoner (artsdatabanken) eller meld frå til kommunen.

6. handtere jordmasser på rett måte 
Jord med frø og plantedelar frå invaderande artar kan vera ei kjelde til spreiing av uønska planter. Jordmassar infisert med frø og rotbitar skal handterast på ein forsvarleg måte. Dei skal ikkje flyttast eller brukast på andre område på grunn av fare for spreiing. Dette bør ein spesielt vere obs! på ved bygge- og anleggsverksemd.

I Sykkylven kommune er det registrert følgjande svarteliste arter i kategori SE og HI:

parkslirekne, blankmispel, platanlønn, hagelupin, kjempebjørnekjeks/tromsøpalme, filtarve, rynkerose, ugrasmjølke, fagerfredløs, legepestrot, brunskogsnegle, kanadagås og mink.

Kontakt i kommunen: 

Karl Johan Stadsnes (rådgjevar landbruk/miljø), 70 24 67 05,
karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no 
Mandy Häger (jordbrukssjef), 70 24 67 10,
mandy.hager@sykkylven.kommune.no
Info 
Web Redaktør 04.08.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]