Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Flotte prestasjonar

¤EPII_TITLE¤ Denne sommaren har fleire talentfulle sykkylvingar prestert godt på ulike arenaer. Både med fotball og skytevåpen har dei vore treffsikre utøvarar. Sjølv ein ny norgesmeister har bygda fått i løpet av sommarmånadane!

På landsskyttarstemnet i Målselv klarte 15-åringen Andreas Riksheim Oldeide å skyte heile ni innartreff, utan omskyting. Denne prestasjonen sikra han banesiger i eldre rekruttklasse på Råvatn skyteanlegg, og Andreas vart dermed norgesmeister! Meir informasjon finn du her. 

Harald Strømmegjerde deltok under NM i pistolskyting. Harald deltok i desse klassene Militærpistol, Spesialpistol, Spesialrevolver, Magnum1 og 2. Harald tok førsteplassen i militærfeltet og i magnum2, laggull i magnum1, bronse for lag i magnum2. I tillegg fekk han gode plasseringar i fleire av dei andre klassene.  Lenke til resultatlister og meir informasjon finn du her.

Fotballferie
Mange lag frå heimbygda synte gode prestasjonar under Norway Cup. Jentene på både FK Sykkylven sitt 7-erlag og 11-erlag nådde fram til A-sluttspelet før dei måtte gi tapt med små marginar. SIL sine G03-lag kom begge vidare til B-sluttspel, og eine laget nådde vidare til semifinalen. J01 kom óg til B-sluttspelet, medan SIL G02 vart med fram til kvartfinalen.

Bilettekst:
Andreas Oldeide fekk overrekt ei gåve for sin gode prestasjon, frå Sykkylven kommune ved ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

Info 
Web Redaktør 11.08.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]