Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd i 1991 og seinare

¤EPII_TITLE¤ Alle kvinner fødd i 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). Vaksinasjonsprogrammet går over 2 år, startar i november 2016. Vaksinen er tilrådd unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan gje beskyttelse sjølv etter seksuell debut.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan ikkje vaksinerte kvinner fødd i 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein periode på to år frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser som vert gjeve i løpet av 6-12 månader og må starte opp innan utgangen av 2018.

Førespurnad vedrørande denne vaksinen: Sykkylven helsestasjon. 
  
For timeavtale ta kontakt med Sykkylven helsestasjon, tlf. 70 24 65 00.

Mer informasjon om HPV og HPV-vaksine:

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Info 
Web Redaktør 26.10.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]