Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Haust i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Naturen viser seg i all si fargeprakt, og gradestokken kryp nedover, markane rimar, det er haust i bygda.

Store og små gler seg til haustferie, nokon skal kanskje ut i naturen og nyte dei flotte fargane, andre skal kanskje til sydlegare strøk, medan andre skal kose seg heime eller på hytta. Moglegheitene er mange. Både museum og kunst, friluftsliv frå fjord til fjell og andre kulturelle arrangement, her er noko å finne på for ein kvar smak! 

Galleri Cylindra har ope måndag-fredag. Dei kunstnariske objekta laga av Peter Opsvik har vore med på utstilling fleire stader i verda,- no kan du sjå dei i Tusvik! 

Naturmuseet og Møbelmuseet er ope i haustferien (veke 41) tysdag 11., onsdag 12. og torsdag 13. oktober. Fellesbillett: Vaksne kr. 60. Barn kr. 30.

20 oktober vert det museumstorsdag, Janne Marit Øye les frå boka «Snøhumla Mille» og Marit Torgersen dramatiserer med dukketeater, dette passer for born 3-8 år! Billettar: familie kr. 150.

Det blir også mange konserter denne hausten som er verdt å få med seg. Sykkylvsjentene Hanne Kolstø, Hilde Louise Asbjørnsen og Stine Hole Ulla er blant fleire vi skal få høyre utover hausten. Allereie 22 oktober kjem Hanne Kolstø og held konsert i Sykkylven kyrkje. 

27. oktober skal HLF ha informasjonsstand med 2 personar på BUAS i Jettegryta kafé.. Då kan du få hjelp med å reinse høyreapparat, bestille batteri eller du kan få snakke med nokon i HLF.

For dei som har vore med på «Fjøre til fjells», blir det avslutning 29. oktober på Kulturhuset. 

Den 30. oktober spelar Sykkylven Janitsjarorkester opp til konsert, dette skjer også på Kulturhuset.

For fleire detaljar og andre arrangement viser vi til Kulturkalenderen, som du finn på heimesida vår.

Info 
Web Redaktør 07.10.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]