Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Stor barnehagesatsing på prosjektet SOLID START SYKKYLVEN

¤EPII_TITLE¤ Barnehagane i bygda er no i gong med eit felles løft som vert kalla SOLID START SYKKYLVEN. Dette er eit omfattande prosjekt der målet er at barna skal utvikle grunnleggande motoriske ferdigheiter som fundament for læring.

Modellen er henta frå Gausdal kommune, som etter oppstarten i 2010 kan vise til svært gode resultat. Ikkje berre helsemessig, men også i form av betre skrive- og leseferdigheiter, færre melde saker til PPT, mindre åtferdsproblem og betring på det psykososiale området. Representantar frå Sykkylven har vore på studietur til Gausdal både hausten 2015 og våren 2016, og opplegget vert tilpassa lokale tilhøve.

Fysioterapeut Anita Westerås og ergoterapeut Tone Klakken er sterkt delaktige i prosjektet (rettleiing/praktiske øvingar/kartlegging/informasjon til foreldre m.m.). Samtlege kommunale og private barnehagar i Sykkylven er med. Vikedalen barnehage er valt ut til å vere pilotbarnehage i oppstartåret, medan dei andre barnehagane er tilknytt via superbrukarar. Desse er med på felles samlingar der dei får informasjon og rettleiing, og tek ideane med tilbake til eigen barnehage slik at dei kan begynne å prøve ut modellen i praksis. Superbrukarane får også tilbod om hospitering i pilotbarnehagen. Full implementering i dei andre barnehagane vil byrje hausten 2017. Då er det også planlagt ein stor felles studiedag der eksterne fagfolk vil inspirere og rettleie alle barnehagetilsette innan Sherborne-pedagogikken.  To sentrale stikkord i denne pedagogikken er ”leik” og ”ikkje-konkurranse”. Det skal vere kjekt og morosamt for barna, og dei skal oppleve at aktivitetane er eit mål i seg sjølv. Dette er element som kan vere nyttige å knytte opp mot SOLID START SYKKYLVEN.

Barnehagane skal følgje eit årshjul i motorisk aktivitet, der alle barna i alderen 3-6 år skal delta i 30 minutt systematisk trening tre dagar per veke. Årshjulet styrer kva ein skal fokusere på i perioden og gir forslag til ulike type aktivitetar. Barna merkar ikkje at dette er trening, då det skal vere ein naturleg del av dagleg leik og aktivitet, og vert tilpassa føresetnadane til kvart enkelt barn. Når dette vert innarbeidd vil det bli ein integrert del av barnehagekvardagen. Det er også oppretta ein felles digital plattform for SOLID START SYKKYLVEN. Denne skal m.a. innehalde ein idèbank.

Grovmotorisk, finmotorisk og sansemotorisk trening (t.d. augebevegelse) skal gi eit løft for alle barna. Men erfaring har vist at det er spesielt nyttig for dei såkalla ”gråsonebarna”. Dette er barn som står i fare for å utvikle ulike vanskar dersom tiltak ikkje vert sett inn tidleg. Nyare forsking viser at fysisk aktivitet har samanheng med kognitiv utvikling. Barn med gode motoriske ferdigheiter har betre skuleprestasjonar enn barn med nedsett motorikk.

Info 
Web Redaktør 19.10.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]