Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Møte om grasfôra kyr

¤EPII_TITLE¤ Interessa for grasfôra kjøt og mjølk er ein internasjonal trend. Også i Noreg vert slike produkt stadig meir etterspurt. Landbrukskontoret i Sykkylven inviterer difor til fagkveld med tema "grasfôra kyr".
Dato:     31.10.2016, kl. 19:30
Sted:     Storfjord kulturhus, Stranda


Grasfôra storfekjøt er kjøt frå kyr som berre har ete gras og lite eller ingen kraftfôr. At kyr eter gras høyrest naturleg ut, men realiteten er at fôret til kyr i Noreg består av over 40 % kraftfôr.
For å kunne utnytte beiteressursane våre betre er det ønskjeleg å snu denne trenden, dvs. å fôre dyra med mindre kraftfôr og la dei beite på areal som ikkje er eigna til anna type matproduksjon.

På møtet får vi besøk av forskar Steffen Adler frå NIBIO som kjem til å snakke om bakgrunnen for trenden "grasfôra kyr" og dei helsemessige fordelane med grasfôra kjøt og mjølk.
Saman med Arnar Lyche frå Bondelaget kjem han samtidig til å ta opp spørmålet om kua virkeleg er ein klimaversting eller ikkje.
I tillegg får vi besøk av Rune Haram frå Sunnmørsmat, som gjev oss eit innblikk i satsinga si, "grasfôra kjøt".

Påmelding til
mandy.hager@sykkylven.kommune.no eller på tlf. 70246710, innan 28. oktober 2016.
Møtet er gratis. Vel møtt!

Arrangementet er del av prosjektet "Med hjarte for levande bygder", ei felles satsing for Sykkylven, Stranda og Norddal kommune.
Info 
Web Redaktør 21.10.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]