Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Utlegg av rådmannens budsjettutkast 2017 og formannskapets vedtak

Rådmannens budsjettutkast og formannskapets vedtak skal jf. kommunelova leggast ut til offentleg høyring før handsaming i kommunestyret.
Saka vil bli handsama på kommunestyremøtet den 12.12.2016. 

Formannskapet gjorde den 28.11.2016 slikt vedtak:

1.Inntekts- og formuesskatt

Det kommunale skatteøret skal vere høgast lovlege sats for alle grupperingar.
Formuesskatten vert også rekna etter høgast lovlege sats.

Eigedomsskatt

I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal følgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2016:

§ 2 g) faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom.

Skattesatsen er 2 promille med eit botnfrådrag på kr 830.000 pr. eigedom.

Eigedomsskatten skal betalast i to terminar
.

Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne skattevedtekter. For primærbustader skal formuesgrunnlag frå Skatteetaten nyttast der slikt er fastsett.

2. Sykkylven kommunestyre godkjenner investeringsbudsjettet for år 2017, slik det går fram av utkast frå rådmannen.

3. For å finansiere investeringane i år 2017, vert det teke opp nytt lån kr 84 500 000. I samsvar med Finansreglementet får rådmannen fullmakt til å godkjenne lånevilkår og å ta opp lån.

4. Sykkylven kommunestyre godkjenner driftsbudsjettet for år 2017, slik det går fram av utkast frå rådmannen i Budsjettskjema 1A og 1B med desse reduksjonane:

Kap. 400 Pleie og omsorg: 0,5 mill. kroner
Kap. 300 Skule: 1,0 mill. kroner
Kap 500 - 900 Andre einingar: 1,1mill. kroner
Sum 2,6 mill. i kostnadskutt (svarar til ca. 50% av inntektsbortfallet).

Rådmannen vert oppmoda om å fordele kostnadsreduksjonane på einskildpostar til budsjettmøtet i kommunestyret.

5. Rådmannen får fullmakt til å fordele hovudpostane i budsjettskjema 1B i samsvar med budsjettdokumenta og dei endringane budsjettvedtaket gir.

6. Dei endelege nettorammene for einingane er bindande for administrasjonen si disponering av budsjettmidlane.

7. Garantiramma for sosiallån vert fastsett til kr. 350 000. Den øvre grensa for einskildgarantiar innanfor den samla ramma etter dette punktet, vert sett til kr 150 000.

Dersom ein garanti for sosiallån vert effektiv, skal saka leggast fram for Levekårsutvalet som må avklare oppdekking innanfor samla budsjettrammer. Om naudsynt, er det Levekårsutvalet sitt ansvar å ta saka opp med formannskap og kommunestyre.

8. Kommunale betalingssatsar er avklara i eigne saker.

9. For året 2017 vert ordførarombodet sett til 100 prosent og ombodsgodtgjeringa for år 2017 vert sett til kr 863 173.

10. For året 2017 vert varaordførarombodet sett til 10 prosent av eit årsverk, og ombodsgodtgjeringa for dette vert sett til same prosent av ordførarens godtgjersle.

11. Kommunestyret forventar at administrasjonen legg fram for formannskapet månadleg oversikt over utviklinga i kommuneøkonomien, samanlikna med budsjett. Kommunestyret vert informert tertialvis i høve til møteplan.

12. Investeringsdelen i økonomiplan for åra 2017 – 2020 vert vedteken i samsvar med utkast frå rådmannen, med dei endringane som kjem fram på grunnlag av vedteke budsjett for år 2017.

13. Sykkylven kommunestyre godkjenner i medhald av kommunelova § 44 økonomiplanen for Sykkylven kommune for åra 2017 – 2020 i samsvar med utkast frå rådmannen og dei endringane kommunestyret har vedteke i samsvar med driftsbudsjettet for år 2017/økonomiplan for år 2017-2019.

14. Økonomiplanen er grunnlaget for arbeidet med årsbudsjettet for år 2017. Budsjettutkast frå administrasjonen vert då fremja i samsvar med ei driftsramme og investeringsramme som økonomiplanen fastset.

Protokollen frå formannskapsmøtet den 28.11.2016 finn de her: http://81.26.41.10/eInnsyn/Utvalg/UtvalgmoeteDetail?UmoeteId=723

Rådmannens budsjettutkast 2017 og økonomiplan 2017-2020 finn de her: Utkast til budsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020
Info 
Web Redaktør 29.11.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]