Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Julehelsing frå ordføraren

¤EPII_TITLE¤ Det er lenge sidan dei første butikkane fann fram julevarene og det starta å kome reklame i posten med eit rikt utval av varer til jul. Eit anna teikn er dei mange flotte konsertane som er på hausten og i førjulstida. I Sykkylven trur eg vi har hatt ein av dei aller «rikaste» konserthaustane nokon gang. Store musikalske opplevingar har stått i kø, og ein må opp i mykje større kommunesenter enn Sykkylven for å finne eit så rikt tilbod. Ikkje er dei berre mange i tal, men kvaliteten er også svært høg. Vi kan trygt sei at Sykkylven er ei kommune med eit svært godt og variert kulturtilbod.

Innanfor korpsmiljøet har vi, som mange andre plasser i landet, hatt ein nedgang i rekrutteringa. Gleda var derfor stor då vi fekk dradd i gang «korps i skulen», eit prosjekt som allereie har fått mange gode tilbakemeldingar. Elevane får her låne flotte instrument med heim som dei kan øve på. Takk til dei som har bidrege så langt! Det vert spanande å fylgje dette i fortsetjinga. Håper fleire finn dette så kjekt at dei melder seg på musikk- og kulturskulen, og får ein hobby som varer livet ut.

Vi har også i år sett at mange nabokommunar slit med nedgangen i sysselsettinga i ein del bransjar. Også folk i Sykkylven har vore ramma, men vi kjem likevel svært godt ut når det gjeld arbeidsløyse. Meldingar frå dei som jobbar med å få folk ut i arbeidslivet er at det vert kravd stadig meir kompetanse av dei tilsette i bedriftene i Sykkylven. Arbeidsoppgåver ein kan utføre som ufaglært vert færre, og Sykkylven treng fleire og fleire folk med god utdanning.

Det er godt nytt for alle dei som reiser ut for å få seg utdanning. I Sykkylven finst det svært mange spennande jobbar, noko som gjer at vi håper flest mogeleg finn vegen heim etter skulegangen.

Sykkylven kommune har siste tida kunne tilbydd ledige barnhageplassar til folk som vil flytte til bygda. Det er kjekt å få tilbakemeldingar frå folk som har fått tildelt barnehageplass, samt funne seg ein spennande arbeidsplass. Folketalet har òg siste tida gått oppover, noko som er svært gledeleg.

For Sykkylven kommune vart det første halvår arbeidd mykje med kommunereforma. Det var høyring ute blant innbyggarane, der godt over halvparten ville vi skulle fortsette som i dag. Kommunestyret har valt å fylgje dette rådet. Ein fekk og i hamn eit budsjett utan dramatiske kutt, noko eg er veldig glad for. Målet no er at vi skal vere ute av Robek for lang, lang tid framover!

Det vert frå Sykkylven kommune si side jobba med mange spennande prosjekt. Utvikling av sentrum, satsinga på Fjellsætra, klargjering av fleire tomter i sentrum, og ikkje minst ein ny sentrumsskule. I tillegg til dette er det ei rekke andre større og mindre prosjekt. For 2017 er det lagt inn ein heil del midlar til kommunale vegar, noko som vi håper vil visast igjen i slutten av året.

Det har også i år vore eit krevjande år for dei kommunetilsette. Stramme budsjett har gjort sitt til at ein må leve med knappe resursar. Økonomirapportane gjennom året viser vi heilt klart er på rett veg.

Seint i haust kom det ein rapport som viser at Sykkylven kommune er den 4. mest effektive kommunen i fylket! Undersøkingar vi har hatt ute med innbyggarane viser dessutan at Sykkylven kommune leverer gode tenester og at folk er fornøgd. Dette må de som tilsette ta med vidare i det gode arbeidet som vert gjort, for å fortsatt levere gode tenester til innbyggarane. Eg rettar ein stor takk til alle tilsette for innsatsen i 2016.

Det har også i år lukkast å få i stand julefeiring på Fønix, noko som var ei gladmelding då meldinga kom. Tusen takk til dei som gjer dette mogleg gjennom å stille på sjølve, firma som bidreg og andre. Fønix og Frivilligsentralen har blitt ein svært viktig del av Sykkylven!

Sykkylven kommune har også i år utvida sitt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Eg er overtydd om at vi i framtida er avhengig av eit godt samspel mellom dei frivillige og kommunen om vi skal utvikle Sykkylven til ein enda betre plass å bu og å vekse opp. Dette skal vi få til, med Skaparglede som motto i vårt vidare arbeid!!

Eg ynskjer alle ei riktig god jul og godt nytt år!!

Odd Jostein Drotninghaug

Ordførar

Info 
Web Redaktør 22.12.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]