Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Søk produksjonstilskot og avløysartilskot frå 1. januar 2017

¤EPII_TITLE¤ 1. januar 2017 blir det opna for å sende inn søknad om produksjons- og avløysartilskot. Teljedatoen er 1. januar og søknadsfristen 20. januar 2017.

Denne søknadsomgangen omfatter tilskota:

• tilskot til husdyr
• tilskot til økologisk husdyrproduksjon
• driftstilskot til mjølkeproduksjon og til spesialisert storfekjøttproduksjon
• tilskot til bevaringsverdige husdyrraser
• distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker samt
• tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Tilskot til bevaringsverdige husdyrraser gjeld frå denne søknadsomgangen også sau, geit og hest av bevaringsverdige raser, i tillegg til storfe. Innan registreringsdatoen 01.01.2017 må dyra vere registrerte i hhv. Kuregisteret (storfe), Sauekontrollen (sau) eller Ammegeitkontrollen (geit). Hest må vere stambokført (rasegodkjent) og ha fått utferdiga hestepass.

Avløysing
Tilskot til avløysing ved ferie og fritid gjeld refusjon av utgifter til avløysing i 2016. Maksimalt avløysartilskot er fastsett ut frå dyretalet føretaket disponerte pr. 1.1.16. For nokre dyreslag er det tal slakta dyr eller selte livdyr i løpet av 2015 som ligg til grunn.

Brukarskifte i mjølkeproduksjon.
Føretak som fører opp mjølkekyr i sin søknad, må disponere mjølkekvote pr. 01.01.2017. Det er særleg samdrifter som treffer akkurat denne datoen ved enten opphøyr eller nyetablering.

Generelle vilkår
Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret innan søknadsfristen, og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, for å kunne søkje om desse tilskota.

Meir informasjon finn du her:
Landbruksdirektoratet
Rettleiingshefte
Papirskjema

Kontakt i kommunen:
Mandy Häger
Jordbrukssjef
mandy.hager@sykkylven.kommune.no
tel. 70 24 67 10

Karl Johan Stadsnes
Rådgjevar landbruk og miljø
karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no
tel. 70 24 67 05

Info 
Web Redaktør 03.01.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]