Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Barnehageopptaket 2017/2018 - søknadsfrist 1. mars 2017

¤EPII_TITLE¤ Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2017. Alle barn som er fødd før 1. november 2016 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket. Søknadsfrist 1. mars 2017.

Det er samordna opptak der ein kan velje mellom fem kommunale og fire private barnehagar. Søkjarane vert oppmoda om å krysse av for flest moglege alternativ i prioritert rekkjefølgje. Enkelte trur kanskje at ein har større sjanse for å få innfridd sine ønskjer ved å krysse av for berre eitt eller to alternativ. Men slik fungerer ikkje systemet. Dei barna med flest poeng (basert opptakskriterier) får tildelt plass først. Barn som ikkje får plass ved nokon av sine prioriterte alternativ, blir tildelt plass på slutten av opptaket ved ein av dei barnehagane som framleis har ledig kapasitet. Dette skjer då etter ei skjønnsmessig vurdering. Sjansen for å få innfridd sitt hovudønskje har altså ingen samanheng med at ein berre kryssar av for ein barnehage.

Dei søkjarane som ikkje får innfridd 1. eller 2. prioritet har klagerett.

Alle søkjarar skal nytte det elektroniske søknadskjemaet (sjå eiga lenke). NB: Hugs å nytte skjemaet for 2017/2018. Dersom de treng hjelp til utfylling av skjemaet kan de ta kontakt med Servicetorget på telefon 70 24 65 00.

Desse må søkje:

- Barn som ikkje har barnehageplass

- Barn som står på venteliste no (det gjeld også dei som har søkt om plass frå våren 2017)

- Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester har rett til prioritet ved opptak. Dette må dokumenterast skriftleg. Elles har kommunen utarbeidd eigne kriterier som gir prioritet ved opptak. Informasjon om dette finn de under lenka «Barnehagevedtekter».

Kommunestyret har fatta vedtak om at det skal gjerast ei ny vurdering av eventuelt behov for fleire barnehageplassar i sentrum etter at resultatet av hovudopptaket ligg føre. Dette medfører at utsending av tildelingsbrev til foreldra ikkje vil skje før tidlegast i slutten av mars.

NB: Foreldre/føresette som har barn (søsken) som ikkje går i same barnehage, har rett til å søkje om «søskensamanslåing». Søknadsfristen for dette er 20. februar 2017, og desse søknadane skal handsamast i forkant av hovudopptaket. Eigne skjema for søknad om overflytting for søsken kan fåast på Servicetorget eller i den enkelte barnehage. Dersom ein vel å nytte det elektroniske skjemaet for dette, må det presiserast under merknadsfeltet («Andre opplysningar….») at søknaden gjeld søskensamanslåing.

Info 
Web Redaktør 17.02.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]