Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Sykkylven bu- og aktivitetssenter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Høyring – Lokal forskrift om rett til langtidsplass på sjukeheim

Med heimel i forvaltningslova § 37, vert ny lokal forskrift om rett til langtidsplass på sjukeheim sendt på høyring.

I juni 2016 gjorde Stortinget vedtak om lovendringar om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenester, kriterier og ventelister. Lovendringane klargjer retten til slikt opphald og skal tydeleggjere tildelingsprosessen ved å påleggje kommunane å gi forskrifter med kommunale kriterier for tildeling og å føre ventelister.

Brukarane sin rett til vedtak dersom dei fyller kommunens kriterier og vert satt på venteliste skal betre rettsstillinga for den einskilde. Lovendringane om tydelegare rett til sjukeheimsplass og tilsvarande bustad blei satt i kraft 1. juli 2016. Kommunane må fastsette og vedta lokale kommunale forskrifter med kriterier for tildeling av langtidsplass i kommunen. Kommunens plikt og heimel til å gi forskrifter blei derfor satt i kraft fra 1. juli 2016. Helse- og omsorgsdepartementet tek sikte på å få satt i kraft dei resterande lovendringane og dei nye kommunale forskriftene frå 1. juli 2017, her også om brukarens rett til vedtak og til å bli satt på venteliste.

Høyringsdokumenta finn du til høgre på denne sida.

Høyringsfrist 28.04.2017

Høyringssvar sendast:
Sykkylven kommune, postmottak, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
eller
postmottak@sykkylven.kommune.no

Info 
Web Redaktør 08.03.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]