Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Bjørnar Midtbust - blir ny kommunalsjef i Sykkylven

Vi har gleda av å fortelje at Bjørnar Midtbust har takka ja til stillinga som kommunalsjef i Sykkylven.
Han vil starte opp 7. august 2017.
¤EPII_TITLE¤

Bjørnar Midtbust er utdanna allmennlærar og med vidareutdanning frå lærarhøgskulen.

Han har 34 års praksis i offentleg teneste, i all hovudsak i undervisningssektoren.
Han har vore lærar i grunnskulen i Stordal frå 1983 til 1997.
Frå 1.8.97 til 1.8.16 var han rektor ved Stordal skule, med administrativt, pedagogisk og personellmessig ansvar for drift av grunnskule, SFO, kulturskule og vaksenopplæring.
Stillinga som rektor har i periodar også vore tillagt ansvaret som kommunen sin skulefaglege ansvarlege. I to år har han vore regionansvarleg for det kommunale pedagogiske nettverket for skulefagleg ansvarlege i Sunnmøre Regionråd Frå 1.8.07 - 31.7.15 hadde han også ansvar for drift, innkjøp, budsjettering, planlegging og interkommunalt samarbeid knytt til kommunen sin bruk av IKT.

Han har vidare fire års "fartstid" som fylkesleiar i Skolelederforbundet i Møre og Romsdal og var fast medlem i kommunestyret tidleg på 1990-talet

Frå 1.8.16 har han hatt permisjon frå rektorstillinga i Stordal.
Då har han arbeidd som rådgjevar hos Utdanningsdirektøren/Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
I denne stillinga har han fått sett skule-Norge frå ei anna side og spesielt på den tverrfaglege og sektorovergripande vinklinga som Fylkesmannen legg til grunn for sitt arbeid.

Vi ser fram til å få Bjørnar Midtbust med på laget i Sykkylven kommune.

Info 
Web Redaktør 21.03.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]