Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilskot til utsiktrydding. Søknadsfrist: 15. mai 2017

¤EPII_TITLE¤ I 2016 behandla Fylkesmannen i Møre og Romsdal 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding. Av desse fekk 34 prosjekter tilskot. Dokumentasjon etter gjennomførte prosjekt viser mange gode resultat. Ordninga vidareførast i 2017 med nye 5 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til det som ikkje ble løyva i 2016. Tilskot kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som ryddar vegetasjon for å gje betre utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og veinære utsiktspunkt. Dersom søkjaren ikkje er grunneigar eller rettigheitshavar, må det ligge føre skriftleg tillating frå desse.

Områda som blir rydda, skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Rydningsvirket skal brukast til bioenergiformål, når det er mogleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedteke retningslinjer for forvaltning av tilskot til utsiktsrydding her i fylket. Retningslinjene finn du nedanfor og på Fylkesmannens nettsider https://www.fylkesmannen.no/nb/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Miljotiltak-i-jordbruket/Utsiktsrydding/. Her ligg også lenke til søknadsskjema.

Søknadsfristen for i år er 15. mai 2017. Søknaden skal sendast til kommunen som skal skrive uttale. Kontaktperson i kommunen: Mandy Häger, jordbrukssjef, tel. 70246710, mandy.hager @ sykkylven.kommune.no

Retningslinjer for tilskot til utsiktsrydding – Møre og Romsdal
- utarbeida av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Landbruksavdelinga

Retningslinjene byggjer på Forskrift om tilskudd til utsiktsrydding i tilknytning til landbrukets kulturlandskap, FOR-2016-05-04-479. Retningslinjene gjeld for Møre og Romsdal fylke.

1. Definisjonar

Kulturlandskap er landskap som i større eller mindre grad er påverka av menneske. Landbruket sitt kulturlandskap er forma og prega av landbruksaktivitet.
Utsiktsryddinga skal medverke til utsikt, og fremje verdiar knytt til landbruket sitt kulturlandskap. Det kan ryddast på strekningar eller på område der det vil opne opp for utsikt til kulturlandskapet.

2. Utsiktsrydding

Tiltaket skal gje utsikt til område av verdifull karakter sett frå både landbruket og reiselivsnæringa si side. For at eit tiltak skal falle innafor ordninga, er det eit krav at ryddinga aukar opplevingsverdien på staden der det vert rydda.
Aktuelle tiltaksområde:

• Ferdselsårer, utsiktspunkt langs vegar, rasteplassar, turvegar/stiar
• Gjengrodd kulturlandskap, t.d. gjengrodd beitemark/slåttemark med utløer
• Strekningar der oppstamming og tynning kan gje auka utsikt
• Lange, rette strekningar eller lange, slake yttersvingar
• Forlenging av strekningar der det allereie er utsikt, og der ryddinga vil gje stor vinst for opplevinga i høve til kostnadene

3. Søknad og sakshandsaming

Det er fylkesmannen som fattar vedtak om tilskot etter forskrifta om utsiktsrydding. Fylkesmannen har ansvar for å gjere ordninga kjent.
Det er utarbeidd eige søknadsskjema for ordninga. Skjemaet ligg på heimesidene til Landbruksdirektoratet. Tiltaka skal teiknast inn på kart.

4. Tilskot

I tråd med forskrifta kan Fylkesmannen løyve inntil 70 % av godkjent kostnadsoverslag. Det skal leggast fram sluttrapport og rekneskap før tilskotet blir utbetalt. Dersom prosjektet blir mindre kostnadskrevjande enn det som gjekk fram av kostnadsoverslaget, vil tilskotet bli redusert tilsvarande.

Info 
Web Redaktør 03.04.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]