Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kommunevegane våre

Med overgang frå vinter til vår, teleløysing, snøsmelting, regn og varierande ver, så vert dette ei ekstra påkjenning på vegane våre. Fleire av desse toler slike påkjenningar dårlegare enn ynskjeleg.
Mellom anna gjeld dette Nysætervegen. No står påska for tur, og det vert sikkert endå meir fokus på denne vegen. Sidan tysdag 28. mars har kommunen nytta ca. kr 100.000 til «nødhjelp» for å bøte på dei verste tilhøva, og vi er innstilt på å bruke endå litt til. Men vegen kan av dette aldri verte heilt bra. Til det er det for dårleg i utgangspunktet. Dette gjeld både underbygninga og toppdekke. Fleire vil derfor måtte bu seg på vanskelege køyretilhøve. Ber at det vert vist varsemd, og at ein spesielt prøver å begrense alt som heiter «tungtransport» i denne perioden. Med von om tørt og lagleg ver vert det ynskt god påske.

Bjarte Hovland
Teknisk sjef
Info 
Web Redaktør 07.04.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]