Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Det digitale radioskiftet er igang

¤EPII_TITLE¤

For deg som bur i Trøndelag eller Møre og Romsdal har allereie NRKs radiokanalar blitt heildigitale, men 21. april blir også dei kommersielle riksdekkjande kanalane og einskilde lokalradioar også digitale.

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkjande kanalar via DAB-nettet, nettradio og appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM også etter 2017. Med unnatak av Radio Norge og P4, som blir sende på DAB (utan pluss), blir no alle riksdekkjande kanalar sende på DAB+.

Er du klar?

Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB (utan pluss) og FM. Dersom du allereie har ein DAB+-radio, tilrår vi deg å oppdatere kanallista med jamne mellomrom for å fange opp tekniske oppdateringar og nye kanaltilbod. Dette kan du gjere ved først å trekkje ut antenna og gjennomføre kanalsøket «scan», «full scan», «rescan» eller liknande. Dersom du ikkje finn denne funksjonen, rår vi deg til å lese brukarrettleiinga og eventuelt kontakte forhandlar.

Dersom du skal skaffe deg digitalradioutstyr til heimen, hytta eller bilen, er det greitt å vere førebudd på at etterspørselen av apparat og monteringstenester kan auke rundt sløkkjedatoane.

Det er lurt å hugse på er at ei god antenne og riktig montering av denne, kan vere avgjerande for at du får ei god lyttaroppleving. Det finst mange ulike løysingar på marknaden, så ta kontakt med forhandlarar og monteringsverkstader når du skal velje. Hugs at gamle radioar som du ikkje ønskjer å behalde, kan leverast til gjenvinning hos alle radio-forhandlarar og på returstasjonar.

Treng du meir informasjon?

På nettsida www.medietilsynet.no/digitalradio har vi mykje informasjon om det digitale radioskiftet. Du kan også sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no

Info 
Web Redaktør 10.04.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]