Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nye reglar i samband med eigedomsoverdragingar

¤EPII_TITLE¤ Statens Kartverk gjekk 18. april 2017 over til elektronisk tinglysing. Dette medfører nokon endringar for deg som skal tinglyse eit eigarskifte.
Viss du arvar, kjøper eller mottek fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon. Det er mange unntak frå konsesjonsplikta. Til dømes gjeld ikkje konsesjonsplikt for eigedom du overtek frå nære slektningar. Også andre høve kan føre til at overdraginga er unnateke konsesjonsplikt. Du må likevel få ei erklæring frå kommunen om at eigedomen kan overdragast konsesjonsfritt.

Tidligare har det vore slik at du sjølv måtte sende inn eigenfråsegna/konsesjonsvedtaket, saman med skøyta, til Statens kartverk for tinglysing. Det nye systemet er lagt opp slik at kommunen skal registrere utfallet av konsesjonshandsaminga i ein modul i matrikkelen. Dette medfører at eigenfråsegner ikkje lenger kan sakshandsamast på dagen. Eigenfråsegner skal sendast til kommunen/ leverast ved kommunetorget. Du vil få skriftleg beskjed når kommunen har kontrollert og registrert eigenfråsegna di. Etter det kan du sende inn skøyta di til Statens Kartverk for tinglysing.

Meir informasjon finn du her:
http://kartverket.no/Om-Kartverket/Nyheter/klart-for-elektronisk-tinglysing/
Info 
Web Redaktør 27.04.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]