Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Søk om produksjonstilskot i jordbruket. Søknadsfrist: 15. mai 2017.

¤EPII_TITLE¤ Frå og med mai 2017 vil det skje endringar i korleis føretak skal søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Søknadsfristane er 15. mai med teljedato 1.mai og 15. oktober med teljedato 1.oktober. Utbetalinga vil skje i februar året etter. Det er berre føretak med husdyrproduksjon som kan søkje om tilskot i mai. Viss du berre har bikubar, eller berre driv med planteproduksjon, skal du ikkje søkje før i oktober. Enkelte opplysningar kan du etterregistrere i søknaden etter at søknadsfristen har gått ut den 15. oktober.

I oktober fyller du ut søknaden med dei opplysningane du har. Deretter kan du etterregistrere enkelte opplysningar. Dette gjeld:

-  avløysarutgifter for perioden 15. oktober til 31. desember
-  dyr på utmarksbeite som er tekne ned frå beite seinare enn 15. oktober
-  slaktagris, kylling og kalkun selde som livdyr mellom 15. oktober og 31. desember
-  kvantum frukt, bær og veksthusgrønsaker samt poteter dyrka i Nord-Noreg som er selt mellom 15. oktober og 31. desember.

Nytt søknadssystem, men få endringar i regelverket

Det meste vil vere likt som tidligare for produksjons- og avløysartilskotsordningane. Det skjer ingen store endringar i regelverket som endrar tilskotsordningane eller måten tilskota blir berekna på. I tillegg til endring i søknadsfristar og teljedatoar, er det likevel enkelte endringar du bør få med deg.

Det vil ikkje lenger verte mogleg å levere søknaden etter at fristen har gått ut

Søknadsfristane vil verte absolutte. Det vil ikkje lenger vere mogleg å levere søknaden etter fristen med eit trekk på 1 000 kroner per døgn.  Føretak som leverer søknaden innan fristen vil likevel kunne endre opplysningane i søknaden i ein periode på 14 dager etter søknadsfristen har gått ut. Ein vil då ikkje få trekk. For 2017 vil søknadsfristen likevel verte praktisert noko meir lempelig, dvs. søknaden kan leverast i inntil 14 dager etter at fristen har utløpt, utan at ein må søkje om dispensasjon.

Det vil ikkje lenger vere mogleg å søkje om produksjonstilskot på papir

Det er no berre mogleg å søkje om produksjonstilskot elektronisk. Det er difor viktig at søkjarar som ikkje har søkt elektronisk tidligare  skaffer seg tilgang til AltInn. Dei fleste søkjarar bruker BankID (same metode som nettbank) eller MinID. Treng du hjelp til å skaffe deg BankID eller MinId, og du ikkje har nokon i nærleika som kan hjelpe deg, anbefaler vi at du tek kontakt med din rekneskapsførar så fort som mogleg, eventuelt din lokalbank.

Hjelp til å søkje elektronisk

Har du skaffa deg BankID eller MinID kan du kome på landbrukskontoret for å få hjelp til å søkje i perioden 2. mai til 12. mai. Ring Mandy Häger for nærmare avtale på tlf. 70 24 67 10. Vi kjem også til å setje opp eigen PC der ein kan fylle ut søknaden.
 
Kontrollar i søknadsskjemaet vil redusere risikoen for å søke feil

Når du fyller inn opplysningar i det nye søknadsskjemaet, vil fleire av opplysningane bli kontrollert undervegs, før du sender inn søknaden. Døme på slike kontrollar er kontroll mot mjølkekvote-registeret for føretak som søker om tilskot til mjølkekyr, og kontroll for å sjekke at det ikkje er søkt om større areal på ein landbrukseigedom enn det som er registrert i Landbruksregisteret. Slike kontrollar reduserer risikoen for å gjere feil når du fyller ut søknaden. Merk at enkelte feil må rettast før du får lov til å sende inn søknaden, så ver tidleg ute med å søkje!

Bortfall av areal- og kulturlandskapstilskot ved brot på miljøføresegnene.

Vi gjer merksam på at inngrep i kulturlandskapet, manglande vegetasjonssone mot vassdrag og jordarbeiding innanfor 2-metersona mot vassdrag vil føre til bortfall av areal- og kulturlandskaps-tilskotet. Dette følgjer av forskrift om produksjonstilskot i jordbruket § 4.Dersom dykk ønskjer å gjere tiltak i kulturlandskapet, som går utover vanleg skjøtsel av eigedomen, ber vi om at det vert teke kontakt med landbrukskontoret før tiltaket vert gjennomført, slik at ein kan avklare om tiltaket er søknadspliktig etter anna type regelverk, eller om kommunen kan gje førehandsgodkjenning etter forskrift om produksjonstilskot i jordbruket. Dersom noko er uklart kan du ta kontakt med Mandy Häger eller Karl Johan Stadsnes på landbrukskontoret.

Krav om anleg jordbruksproduksjon 

Vi minner om at det å drive vanleg jordbruksproduksjon er eit grunnvilkår for å motta produksjonstilskot. Føretak som fell utanfor kravet om vanleg jordbruksproduksjon i ein eller fleire produksjonar har ikkje krav på produksjonstilskot (på den delen av produksjonen). Produksjonen skal ha eit næringsmessig preg, og krava til kva som kan definerast som vanleg i ulike produksjonar er no konkretisert i sentrale retningsliner. Rundskriv 2014-29, kap. 2.3 omtalar dette.

Nedanfor finn de ei oppsummering om rettleiande krav til vanleg jordbruksproduksjon.

Mjølk og storfe

Ein leveranse som er under halvparten av gjennomsnittet for regionen vil i utgangspunktet vanskeleg kunne karakteriserast som vanlig produksjon. Det kan vere særlege tilhøve som forklarar ein lågare leveranse, for eksempel sjukdom i besetninga, gamle kuraser eller lokal foredling. Ei
heilskapleg vurdering, der ein ser på avdråtten over fleire år, skal leggjast til grunn. Mjølkeku og
ammeku skal ha kalva i løpet av dei siste 15 månadane.

• Minimumsgrense for gjennomsnittsleveranse per mjølkeku er sett til 3 600 liter
• Minimumsgrense for gjennomsnittsleveranse per mjølkegeit er sett til 315 liter

Merk at ved økologisk produksjon og gamle rasar med lågare produksjon skal ein ta utgangspunkt i denne gjennomsnittsproduksjonen og avdråtten.

Sau

Det skal gjerast ei heilskapsvurdering av det enkelte føretaket. Låg omsetning på kjøt kan i visse tilfelle kompenserast med høg omsetnad på andre produkt, til dømes skinn, Inn på tunet og gardsturisme, dersom sauene gjev grunnlag for annan inntektsbringande aktivitet eller produkt.

Krav til produksjonen:
• Vaksne søyer, som ikkje skal utrangerast, skal parast
• Det er normalt å pare påsettlam, men dette er ikkje noko krav
• Reproduksjonsgraden skal ikkje vera vesentlig lågare enn gjennomsnittet frå
   Sauekontrollen (i varselmeldingane sett til 0,91 lammeslakt per sau over 1 år)
• Slaktevekta på lamma skal ikkje vere lågare enn 70 % av gjennomsnittet for den
   aktuelle rasen

Grovfôr

Ved arealbaserte produksjonar er det vanskeleg å fastsetje krav til gjennomsnittleg avling som utgangspunkt for vilkåret om at føretaket driv «vanlig jordbruksproduksjon». Planteproduksjonen varierer i større grad fra år til år og etter lokale forhold, enn husdyrproduksjon. Dersom avlingsnivået i vesentleg grad skiller seg negativt ut frå tilsvarande produksjonar i tilsvarande område, kan det vere eit teikn på at det ikkje vert drive vanlig jordbruksproduksjon.

 


 

Info 
Web Redaktør 27.04.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]