Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Sykkylven bu- og aktivitetssenter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Aktivitetsvenn-avtale

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune signerte 27.06.17 ein avtale om Aktivitetsvenn med Nasjonalforeningen for folkehelsen.

 Ein aktivitetsvenn er ein frivillig som med kurs og rettleiing gjer aktivitetar saman med ein som har demens. Avtalen med Nasjonalforeningen inneber at Sykkylven kommune kan bruke deira verktykasse, kursopplegg og samlingar til opplæring av frivillige som ønskjer å gjere ein innsats.

Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få mulegheit til å fortsette sine vanlege aktivitetar, og få meir aktivitet og gode opplevingar i kvardagen. Ordninga med aktivitetsvenn skal bidra til å styrkje den frivillige innsatsen i kommunen.

Avtalen blei signert på BUAS av ordførar, kommunalsjef og einingsleiar og ein stor del av arbeidsgruppa var til stades. Arbeidsgruppa i Sykkylven er:

  • Janne Midtlid, sjukepleiar. Fungerer som leiar/kontaktperson
  • Monica Roset, sjukepleiar skjerma avd.
  • Sigrid Akselvoll, geriatrisk sjukepleiar
  • Bente Hermansen, helsefagarbeidar
  • Jorunn Lade, helsefagarbeidar
  • Anne Kirsti Nymark, helsefagarbeidar
  • Solveig Bonesmo, helsefagarbeidar
  • Gry Løvold, helsefagarbeidar
  • Karen Elise Matheson, frivillig og medlem av Eldrerådet

Arbeidsgruppa skal ivareta ansvaret for Aktivitetsvenn i kommunen, og dei arbeidsoppgåvene det inneber.

Aktivitetsvennarbeidet vil verte eit viktig supplement til dagens tenestetilbod, og vil bety mykje både for dei som har ein demenssjukdom, deira pårørande og også for frivillige som ønskjer å bidra.

Info 
Web Redaktør 28.06.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]