Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nettinggjerde utan straum - ei dødsfelle for sauer og lam

¤EPII_TITLE¤ Kommunen har i dei seinare år fått fleire meldingar om sauer og lam som har surra seg inn i nettinggjerde utan straum i hytteområda på fjellet. Dette er svært alvorleg. Sauene kan setje seg fast i gjerdet og dør på mangel av mat og drikke eller i verste fall verte kvalte. Det er eit generelt krav i dyrevelferdslova at dyr skal beskyttast mot unødvendig liding. Dette er også eit ansvar hytteigarane har. Generelt er det ikkje forbode å setje opp elektrisk sauegjerde, men det er ein føresetnad at gjerdet er straumførande.
Det er følgjande gjerdetypar som gjev størst utfordring i utmarka:

-   straumnett, straumband og straumgjerde rundt hytter.

Kommunen har forståing for at hytteeigarane kan oppfatte beitedyra som ei utfordring. Dersom ein set opp stengsler rundt hytta bør ein likevel ha i tankane at det kan skape feller for dyra. Dersom ein velgjer å setje opp eit straumgjerde må ein passa på at gjerdet er tilstrekkeleg stramt og at ein set på straum. Regelmessig tilsyn er  også viktig ved bruk av straumgjerde. Skal du forlate hytta i lengre perioder, må du ta ned gjerdet.

I hytteområda rundt Nysætervatnet gjeld elles følgjande reglar:

«I område der beitedyr kan forårsake ulempe og skade på eigedommen kan det som hovudregel tillatast inngjerding av maksimalt 200 m2 av tomta ved inngangsparti og mindre uteplassar. Gjerde skal tilpassast bygningane på tomta og utformast på ein diskret måte. Inngjerding skal ikkje hindre allmenn ferdsel til grøndrag, frilufts- eller turområde.»

Kommunen vurderer no å ta inn eit punkt i kommunedelplanen for områda rundt Nysætervatnet  som seier noko om kva slags gjerde ein kan setje opp rundt hyttene.

Info 
Web Redaktør 03.07.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]