Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Oppstart av planarbeid - Detaljregulering sentrumskule Sykkylven

¤EPII_TITLE¤

I medhald av Plan- og bygningslova §12-8 varslast det oppstart av arbeid med detaljregulering av ny sentrumsskule Sykkylven, gnr/bnr. 14/12 m.fl. Samstundes leggast planprogram ut til høyring etter Plan- og bygningslova §12-9. Reguleringsarbeidet blir utført av Nordplan AS avd. Ålesund, på vegne av Sykkylven kommune.

Bakgrunnen for planarbeidet er vedtak om å bygge ny sentrumsskule i Sykkylven. Kommunestyret fatta i 2013 vedtak om at Bakkeøyane (i hovudsak gnr/bnr. 14/12) skulle velgast som tomt til ny barneskule for Sykkylven. Reguleringsforslaget omfattar tiltak/formål knytt til ny barneskule med idrettshall (gymsal), hovudsakleg innanfor gnr/bnr 14/12. Arbeid med reguleringsplanen skal avklare kva for område som skal inngå som skuleområde og vegløysingar (bil, gang-sykkel/bru, parkering). Planen si avgrensing er romsleg definert i dette oppstartsvarselet, for å vere fleksibel nok til å gjennomføre naudsynte tiltak for tilkomst og trafikkløysingar. Det er og tatt med område på sørsida av Aureelva for eventuelt å ha moglegheit til å kunne realisere køyrevegen planlagd i kommunedelplan for utvida sentrumsområde, samt for å knytte idrettsområdet saman med det planlagde skuleområdet.

Aureelva med tilgrensande kantsoneareal vil ikkje bli berørt anna enn ved eventuell avgrensa tilkomst over elva, og eventuell gangveg/tursti langs elva.

Frist for innspel/merknader til oppstartsvarsel og planprogram

Varslingsperioden settast til 6 veker grunna ferietid. Frist for evt. innspel/merknadar er 16.08.2017. Innspel/merknadar må sendast skriftleg til Nordplan AS avd. Ålesund v/ Lesley Robinson, Notenesgata 14, 6002 Ålesund, evt. pr. e-post til lr@nordplan.no.

Dokument:

1 Varselbrev oppstart regulering sentrumsskule Sykkylven 300617

2 Planavgrensing 

3 Planprogram sentrumsskule Sykkylven 03.07.17

4 Varsel Planoppstart  i sykkylven annonse

5 Signert oppstartsmøtereferat

6 Lokaliseringsanalyse_versjon_1_120312 

 

 

Info 
Web Redaktør 04.07.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]