Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Opning av NAV-kontoret

¤EPII_TITLE¤

NAV Sykkylven vart offisielt opna tysdag 2. oktober. Det var ordførar Jan Kåre Aurdal som stod føre symbolhandlinga med å knyte saman tre band som symboliserte at trygd, arbeid og sosial no har blitt eit felles kontor

Dei tilsette ved NAV Sykkylven er f.v: Inghild Lyshol, Bo Grebstad, Julianne Fauske, Berit Bjørlo, Hildebjørg Holmberg, Tordis Stang, Hilde Bjørnestad, Jostein Løseth , Liv Berit Alme og Per Atle Sjåstad.


NAV-leiar i Sykkylven Liv Berit Alme ønskte velkomen og den nye leiaren var glad for det samla tenestetilbodet ein har fått ved ved kontoret og gleda seg til å kome i gong med vanleg arbeid og få sjå konkrete resultat. Men ho la også vekt på at brukarane må ha noko tolmodigheit i høve til utvikling og levering av det nye og samla tenestetilbodet.

Alme la også vakt på at i framtida så slepp brukarane i Sykkylven å reise over fjellet til Stranda for å få tenestene knytte til tidlegare Aetat og NAV Arbeid.

Ordførar Jan Kåre Aurdal, som også har vore med i prosjektgruppa for etableringa av NAV Sykkylven var svært glad for at bygda er så tidleg ute med å kome i gong med NAV-reforma. Eg og kommunen har stor tru på at ein no framover vil sjå positive resultat som følgje av at dei tre etatane blir til ein. –Dette trur eg blir veldig bra for brukarane i bygda.

Fylkesdirektør Olaug Flø Brekke gratulerte alle med dagen, og trakk blant anna fram det gode samarbeidet i etableringsprosessen i Sykkylven. Det lovar godt for det framtidige partnarskapet. Prosjektleiar Bo Grebstad fekk ei spesiell helsing og blomar for godt arbeid. Fylkesdirektøren helste også til dei tilsette for god innsats i ein krevjande periode. – Det er lagt ned ein innsats det verkeleg står respekt av, sa Olaug Flø Brekke.

Under ordet fritt overrekte styreleiar Karl Inge Rekdal i Sykkylven Industri- og næringslag blomster og film til kontoret. Med sine 40 bedrifter og 2000 tilsette såg Rekdal fram til å få hjelp med utfordringane næringslivet i kommunen har knytte til det å rekruttere og behalde arbeidskraft.

Info 
Web Redaktør 05.10.2007 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]