Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilskot til regionale miljøtiltak i jordbruket (RMP) - frist: 20. august 2017

¤EPII_TITLE¤ Føretak med vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar kan søkje om tilskot til miljøtiltak gjennom regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal.

Føretaka kan starte å levere søknader frå 1. august, og fristen er 20. august. Beitelag har eigen søknadsfrist, 1. november.

Slik søkjer du

Søknad om regionale miljøtilskot kan leverast elektronisk via internett eller på papir. Papirskjemaet finn du 
her. Det er enklast og sikrast å levere via internett.
Det elektroniske søknadsskjemaet leverer du via
Altinn.

Etter innlogging i Altinn må du velje rett organisasjonsnummer for føretaket som skal søkje. Når utfyllinga er ferdig, bør du klikke på Kontroll, for å sikre at alle felt er utfylte. Klikk også på Forhåndsvisning, for å sjå at alt stemmer i søknaden. Du vil få sjå eit samandrag av det du har fylt ut. I dette samandraget er der ein knapp for å sende søknaden. Det er avgjerande at du klikkar på knappen Send inn, slik at du får ei kvittering for innleveringa i meldingsboksen din i Altinn.

Når søknaden er innsend, kjem den direkte til din saksbehandlar i kommunen. Du kan sende inn søknaden fleire gonger før søknadsfristen. Har du sendt inn, og kjem på at noko er feil eller manglar, kan du sende inn søknaden på nytt. I slike tilfelle skal du opne den innsende søknaden, og endre den. Du vil finne innsend søknad etter at du har logga på Altinn og valt rett føretak.

Vi minner om at opplysningane i søknaden må vere fullstendige å korrekte. Gjev du opp for mykje, kan det føre til avkorting i tilskotet.

www.landbruksdirektoratet.no kan du få meir utfyllande rettleiing om korleis du søkjer elektronisk. Kommunen kan hjelpe, også med papirskjema. Leverer du på papir, må tiltaka dine teiknast på utskrift av kart, og leggast ved søknaden.

Dette kan du søkje på

- Slått av lokalt viktig kulturlandskap
- Beite av lokalt viktig kulturlandskap
- Skjøtsel av bratt areal
- Drift av beitelag
- Skjøtsel av slåttemark
- Beite av kystlynghei
- Tilrettelegging av fuglebiotopar
- Drift av ekeltseter med mjølkeproduksjon
- Drift av fellesseter med mjølkeproduksjon
- Drift av ekeltseter med foredling
- Drift av fellesseter med foredling
- Skjøtsel av gravminne
- Ingen/utsatt jordarbeiding
- Spreiing i vår/vekstsesong
- Bruk av tilførselslangar

For meir informasjon om dei ulike tilskotsordningane sjå
her.

Vilkår

Grunnvilkåra som må vere på plass, er at føretaket må ha rett til produksjonstilskot, jf forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskot mv. i jordbruket. Det inneber at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret innan søknadsfristen, og må drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. 

Meir informasjon om RMP finner du her:

-
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Landbruksdirektoratet

Kontaktpersonar i kommunen

Karl Johan Stadsnes, rådgjevar landbruk og miljø
tel. 70246705, karl.johan.stadsnes (@) sykkylven.kommune.no

Mandy Häger, jordbrukssjef,
tel. 70246710, mandy.hager (@) sykkylven.kommune.no

 

Info 
Web Redaktør 07.08.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]