Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilskot til drenering av jordbruksjord - auka tilskottssatsar frå 1. juli 2017

¤EPII_TITLE¤

I årets jordbruksforhandlingar vart partane samde om å legge større vekt på drenering som klima- og miljøtiltak gjennom å doble tilskottssatsene for drenering frå 1. juli. Nye satsar er 2 000 kroner per dekar og 30 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 000 kroner per dekar berørt areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2017.

I perioden 2013–2017 er det totalt avsett 438 mill. kroner til drenering. Frå og med 2013 og fram til i dag er det innvilga i underkant av 200 mill. kroner i tilskot.  Det er også for 2018 avsett 58 mill. kroner til drenering. Dette, i tillegg til tidlegare udisponerte midlar på ordninga, tilseier at det bør vere romsleg med midlar til drenering framover.

Behandling av søknader som er sendt inn før 1. juli

Søkjarar som har fått innvilga tilskot før 1. juli etter gamle satsar, kan sende ny søknad dersom arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er påbyrja. Kommunen må da gjere nytt vedtak om tilskot, som samtidig inneber at tidlegere vedtak om tilskot vert trekt attende. Søknader som kommunen ikkje har handsama før 1. juli, vil kunne innvilgast med nye satsar (utan ny søknad).

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gjevast tilskot der tiltaket er påbyrja. Dette betyr at det ikkje kan gjevast tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Revidert søknadsskjema med nye satsar, finn du i lenka under

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/hvordan-soke/skjema

Info 
Web Redaktør 07.08.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]