Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Vestlandsk fjordfe – «urkua» som overlevde

¤EPII_TITLE¤

Eit arrangement for alle som er interesserte i dyr, landskap og kultur.

Forfattaren John Roald Pettersen viser bilete og fortel om arbeidet med boka «Vestlandsk fjordfe»

Laurdag 2. september kl. 13.00 på Sykkylven bibliotek

GRATIS!

Laurdagsope bibliotek kl. 10 – 14

Sykkylven bibliotek med støtte frå Nasjonalbiblioteket.

Vestlandsk fjordfe, den stolte, gamle kurasen som er spesialtilpassa den bratte vestlandsnaturen, var i ferd med å forsvinne. På 1980-talet var det berre ei handfull att av dei reinrasa dyra av Vestlandsk fjordfe. Ein redningsaksjon vart sett i verk –

og i dag er fjordfeet ein livskraftig rase spreidd over store delar av landet. Gardbrukarar i Sykkylven har vore sentrale i arbeidet med å berge rasen.

 

"I sin mest forkrøblede skikkelse er vestlandskoen spinkel (...) og har lidet udviklede melkeorganger. Men paa bedre fordring kommer den sig snart..." – stod det å lese i boka Husdyrlære i 1898.

Kva er eigentleg historia til denne rasen? Kor langt tilbake kan vi spore røtene til "vestlandskvæget", som dei kalla det for 100 år sidan? Kva handla "den store feavlsstriden" på 1800-talet om? Og korleis jobba fjordfe-entusiastane for å berge denne levande delen av kulturhistoria?

 

Forfattar og journalist John Roald Pettersen, som har skrive boka Vestlandsk fjordfe, fortel om arbeidet med boka og gjev glimt frå dei gode historiene som dukka opp undervegs – på Sykkylven bibliotek laurdag 2.september.

 

Sykkylven bibliotek startar komande laurdag oppatt med ope bibliotek første laurdagen i månaden. I haust vert det arrangement på tre av desse laurdagane.

Info 
Web Redaktør 30.08.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]