Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Vellukka temadag for Sykkylven ungdomsråd

¤EPII_TITLE¤

Fredag 25. august arrangerte for første gong Sykkylven ungdomsråd, i samarbeid med Mental Helse Sykkylven, temadag for alle elevane ved Sykkylven vidaregåande skule. Det var foredrag på kulturhuset om psykisk helse, stress og sjølvkjensle.

På scenen stod Ida Fladen (mellom anna kjent frå TV-seriane «Happy go lucky» og «Prosjekt perfekt»), Jørgen Foss (leiar i Norges handikappforbund og mellom anna kjent frå fleire TV-program) og sokneprest Erlend Lunde.

 

Etter foredraga hadde elevane gruppearbeid med lærarane og ressurspersonar på skulen om dei same tema som foredraga.

 

På bildet (frå venstre): Henriette Pedersen Hauge (leiar ungdomsrådet), Hedda Kurseth (ungdomsrådet), Karl Johan Lillevik (ungdomsrådet), Erlend Lunde (sokneprest), Ida Fladen, Jørgen Foss og Stig Ålgårdstad (leiar Mental Helse Sykkylven).

Info 
Web Redaktør 31.08.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]