Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Hoppid-midlar til Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Fornying av kontrakt, og friske hoppid-midlar til Sykkylven. Alfred Øverland Innovasjon Norge, Jarle Strømmegjerde Sykkylven Næringsutvikling AS, May Helen Molvær Grimstad rådmann, Mandy Hâger landbrukssjef, Odd Jostein Drotninghaug ordførar og May britt Roald hoppid-ansvarleg Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune fornyar med jamne mellomrom avtalane som dei har med dei ulike kommunane om drift av ordningane innanfor Hoppid og Kommunalt næringsfond.

Sist onsdag, 25. Oktober, var det tid for å fornye avtalen om hoppid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Sykkylven kommune.

Delegasjonen frå fylket bestod av May Britt Roald, som er hoppid-ansvarleg i Møre og Romsdal, samt senior konsulent Alfred Øverland, som er grûnderansvarlig i Innovasjon Norge.

På møtet vart det gitt ei brei orientering om dei støtteordningane som gjeld for Sykkylven, samt oversikt over dei prosjekta som har fått støtte siste åra.

Deltakarene frå kommunen fekk også høve til å stille konkrete spørsmål vedkomande muligheiter for støtteordningar til ulike prosjekt som ein ser kan kome framover.

Både fylkeskommunen og Innovasjon Norge gav uttrykk for at dei var svært godt fornøgde med det arbeidet som vert gjort i Sykkylven, i regi av Sykkylven Næringsutvikling AS og landbrukskontoret. Dette innanfor hoppid, kommunalt næringsfond, samt kontakt vidare mot Innovasjon Norge. Fleire prosjekt vart drege fram som gode døme på samarbeid i heile virkemiddelapparatet, og kontrakta vart sjølvsagt fornya.

Det dryp litt ekstra på Sykkylven i haust, kunne May Britt orientere om. Det kjem 90 000,- friske hoppid-kroner, som vi håper de kan sette inn i gode prosjekt i løpet av hausten.

Så oppfordringa er, dersom du sit med ein god ide som du treng å utrede før du satsar,  nøl ikkje med å ta kontakt med Jarle Strømmegjerde på Sykkylven Næringsutvikling AS.

 

Info 
Web Redaktør 30.10.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]