Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kunngjering om eigengodkjenning av detaljregulering for del av F26B vest for Tudalselva og del av F5 ved Nysætervatnet

¤EPII_TITLE¤

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 eigengodkjente nærings- og utviklingsutvalet i Sykkylven kommune fremja planforslag, Detaljregulering del av F26B vest for Tudalselva og del av F5 ved Nysætervatnet (planid 15282016005) den 20.11.2017, jamfør føresegner sist revidert 04.10.2017, plankart og planomtale sist revidert 26.10.2017.

Vedtaket er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Føremålet med planen

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av nytt hyttefelt innanfor felt F26B, samt fortetting av det allereie etablerte hyttefeltet F5 i kommunedelplanen for områda kring Nysætervatnet.

Planen omfattar deler av teigane 29/25 og 29/21. Det er lagt opp til 65 tomter til frittliggande fritidsbustader og to område for konsentrert busetnad med inntil 4 bueiningar per bygning. Planområdet innanfor F26B skal, med unntak av tre tomter, få tilkomst via den framtidige V7. I planforlaget legg ein opp til å nytte ein midlertidig tilkomstveg for 11 hyttetomter innanfor F26B i påvente av at V7 blir etablert. Bruk av den midlertidige vegen skal ta slutt når V7 er etablert.

 

Klageinformasjon

Godkjenninga kan klagast inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men sendast skriftleg til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller postmottak@sykkylven.kommune.no.

Merk klaga med saksnr. 2015/226.

 

Krav om innløysing eller erstatning må vere sett fram innan 3 – tre år frå denne offentlege kunngjering,

jf. pbl. § 15-2 og 15-3.

 

Dokument knytt til planen:

15282016005 - F26B og F5 - Føresegner rev.04.10.2017

15282016005 - F26B og F5 - Plankart rev.26.10.2017

15282016005 - F26B og F5 - Planomtale rev. 26.10.2017

15282016005 - F26B og F5 - Eigengodkjenning

Info 
Web Redaktør 18.12.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]