Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Lagring av rundballar, landbruksutstyr m.m. langs offentleg veg

¤EPII_TITLE¤ Det å køyre inn i rundballar er som å køyre inn i ein bergvegg. Statens vegvesen sine ulukkesrapportar viser at rundballar lagra langs vegen kan gjere ei utforkøyringsulukke til ei dødsulukke. Rundballer tiltrekker seg også hjortevilt, med fare for viltpåkøyrsel. Gardbrukarar vert difor bedne om å flytte rundballar og andre gjenstandar som ligg langs offentleg veg.
Regelverk

Lagring av utstyr langs veg er regulert etter veglova. Hovudregelen er at i ein avstand på 50 meter langs riks- og fylkesveg er det ikkje lov å bygge, lagre eller sette noko utan godkjenning frå Statens vegvesen.

Veglova, § 30:
«Byggverk, her òg laus kiosk, opplag eller anna større innretning må ikkje utan særskilt løyve plasserast innafor byggegrenser som er fastsette i eller med heimel i § 29.»

Statens vegvesen opererer med ei sikkerheitssone frå vegkant, som blir berekna ut frå trafikkmengd og fartsgrense. Sikkerheitssona skal ikkje nyttast til lagring.

Fartsgrense (km/t) 

<=50 

60 

70/80 

90 

Sikkerheitssone (målt i m) 

 4,5 

 5 

 7 

8


Tabell 1 Vegens sikkerheitssone, forenkla utgåve (jamfør N101, N301 og NA-4/11)

Innanfor sikkerheitssona må det ved inga omstende lagrast utstyr som kan vere trafikkfarleg. Innanfor vegens byggegrense må det ikkje lagrast utstyr utan at Statens vegvesen på førehand har gitt lov til dette.

Pålegg om fjerning

Dersom Statens vegvesen vurderer lagring av til dømes rundballar langs riks- eller fylkesveg som trafikkfarleg, kan dei pålegge eigar å fjerne dei. Dersom pålegget ikkje blir følgt opp, kan Statens vegvesen, for eigars rekning, med heimel i veglova, fjerne rundballane.

Informasjonsskriv frå Statens vegvesen
Info 
Web Redaktør 23.11.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]