Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ungdata 2017

¤EPII_TITLE¤

Også i 2017 viser resultata i Ungdata høg grad av trivsel både på skule og i fritid. Dei fleste ungdommane har mange vener, gode relasjonar til foreldre og er fysisk aktive på fritida.

Heile 480 elevar ved Sykkylven ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule har svart på spørsmål som omhandlar m.a. skule, fritidsaktivitetar, familie, vener, helse og rusbruk. Ungdata er ingen fasit, men gir ein god peikepinn  på korleis ungdom opplever kvardagen sin, og ikkje minst god informasjon om oppvekst og folkehelse til kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid.

Rapporten viser at vi ligg ganske jamt med  snittet i Noreg på dei fleste tema. Det er gode score i høve relasjon til foreldre, skule, fysisk aktivitet og allsidig kulturtilbod. 

Men sjølv om storparten er fornøgde og har det bra, er det også nokre som har det mindre bra. Einsemd og depressive symptom er aukande problemstillingar, og både ved ungdomsskulen og ved vidaregåande skule er det elevar som oppgir at dei blir mobba. Dette stadfestar behov for vidare satsing på psykisk helse, skulehelseteneste og forsterka innsats mot mobbing. Psykisk helse er nasjonalt satsingsområde, og skulehelsetenesta er spesielt framheva som eit viktig tiltak. Ungdom set generelt svært høge krav til seg sjølve, både på skulen og i fritida, det er prestasjonspress og press i høve utsjånad.  Mangel på søvn og uregelmessig døgnrytme er også ei aukande problemstilling. Svært mange ungdommar søv for lite, noko som i seg sjølv medfører mange av symptoma som blir meldt. For nokon kan seine treningar redusere søvntida, for andre er mobilbruk hovudproblemet. Foreldre har her ei nøkkelrolle i oppfølging og struktur.  Vi foreldre må spele på lag med ungdommane, samtidig som vi gir rammer for leggetid, også hos ungdom på 16-19 år. Ta dei unge på alvor og ver interessert!

Når det gjeld bruk rusbruk blant ungdom, viser statistikken ein generell nedgang på landsbasis i høve alkohol, og Sykkylven ligg om lag på snittet i Noreg. Likevel opplever politiet ein del problemstillingar knytt til alkoholbruk blant ungdom under 18 år. Sjølv om norsk ungdom drikk mindre enn før, er dei framleis på verdstoppen i fyllekuler eller “grøftefyll” (forskning.no).  14% av dei eldste elevane oppgir  å ha brukt hasj eller marihuana minst ein gong i løpet av dei siste 12 mnd. (Snittet for Noreg er 11%). Politiet har hatt fleire temadagar ved vidaregåande skule om skadeverknader og konsekvensar av rusbruk. Kommunale tenester har i samarbeid med politiet etablert eit førebyggande prosjekt med besøk og informasjon til dei eldste elevane på barneskulane og deira foreldre. Foreldre kan påverke både positivt og negativt, og å gi foreldre kunnskap til å forhindre at ungdom utviklar omfattande og kroniske rusproblem, utgjer derfor et særs viktig fokusområde i eit folkehelseperspektiv.

Målsetting er å gjennomføre undersøkinga kvart 2. år framover, og vi vil slik kunne sjå utvikling over tid.

Nøkkeltala for Sykkylven er publisert på www.ungdata.no.

Info 
Web Redaktør 23.11.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]