Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ledige byggeareal området Aursnes - Tjønes - Ikornnes

¤EPII_TITLE¤ Innanfor området Aursnes-Tjønes-Ikornnes er det registrert fleire hundre dekar godkjent omdisponert byggeareal som ikkje er tatt i bruk. Grunneigarar vert no kontakta med spørsmål om kva som kan gjerast for at meir av desse areala vert tilgjengelege.  
Kommune har starta rullering av Kommunedelplan for utvida sentrumsområde (Aursnes-Tjønes-Ikornnes). I samband med rulleringa er det gjort ei kartlegging av allereie godkjent omdisponert areal til bustaføremål.

Det viser seg at det er fleire hundre dekar godkjent bustadareal som ikkje er tatt i bruk. Mykje areal er godkjent for 20 år eller meir sidan.
Samtidig opplever kommunen at det frå tid til annan kjem utbyggarar som melder at det er vanskeleg å finne attraktive tomter i Sykkylven.

For kommunen er det ei utfordring med for store reservar som ikkje vert tatt i bruk. Nye areal kjem ofte i konflikt med jordvern eller andre omsyn kommunen skal ta. Effektiv utnytting av eksisterande infrastruktur er god samfunnsøkonomi.  For store reservar kan hindre nye områder å bli tatt i bruk.  
Ein kommuneplan skal ideelt sett ta med areal som ein kan rekne med vert tatt i bruk innanfor ein planperiode på 10-12 år.  

For kommunen er det interessant å få kunnskap om kvifor areal ikkje vert tatt i bruk. Er det marknaden åleine, den har endra seg mykje på 20 år? Er det andre tilhøve?  Kan det gjerast tiltak i ny plan som gjer det lettare å bygge ut? Er det lite attraktive areal? Burde heller andre areal vore lagt ut?

Kommunen vonar på gode innspel som kan gjere ny plan best mogleg for utvikling i Sykkylven.  
Info 
Web Redaktør 08.12.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]