Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Vellykka møte om lokalmat

¤EPII_TITLE¤ Kring 25 personar møtte fram for å knyte kontaktar og lære om lokalmat på Berlihuset siste veka. I 2017 mottok Sykkylven kommune kr 67 000 i tilskot for å jobbe meir målretta med lokalmat og gardsbaserte opplevingar.
- Salet av lokalmat er veksande og det er grunn til å tru at det er potensiale i Sykkylven for å utvikle gardsturisme og sal av lokale matspesialitetar, sa Arnold Hoddevik frå landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal på møtet om lokalmat. Han var ein av dei som heldt innlegg på Berlihuset.

Rita Natvig frå Matnavet på Mære (kompetansesenteret for lokalmat og drikke) orienterte om kva dei jobba med og kva dei kunne tilby små- og mellomstore matprodusentar i etableringsfasen. Ho peika på Sykkylven sitt økomiljø som eit fortrinn, både med omsyn til produktutvikling og marknadsføring. – Salet av økologiske produkt er aukande, spesielt i tettbygde strøk. Mykje av den økologiske maten i butikkane kjem likevel frå utlandet. Her ligg det eit stort potensiale. 

Stein Brubæk frå Brubekken Gardsmeieri er ein av dei som skal presentere Noreg på Grüne Woche (verdas største matmesse) i Berlin i år. Han peikar på at det er viktig å ha kundane i fokus. – Folk etterspør produkt som er laga på ein klimavennleg og berekraftig måte. Det er viktig å produsere mat som er sosialt rettferdig og basert på norske ressursar. Vi må bli flinkare å ta vare på den norske mattradisjonen.

Lennart Floyd Berge frå Mattilsynet orienterte om regelverket rundt lokal matforedling og matservering. Han sitt råd var å skaffe seg god grunnleggande hygienisk og mikrobiologisk forståing for den produksjonen ein skal halde på med. Han peika på at ein god internkontroll var viktig for å kunne produsere god og trygg mat.

Berlihuset sto for serveringa og det vart servert smaksprøvar frå lokale produsentar. Sykkylven kommune takker alle som bidrog til ein flott kveld.


Møtet var eit samarbeid mellom Sykkylven kommune, Sykkylven Næringsutvikling AS, Sykkylven Bondelag og  Sykkylven Bonde- og Småbrukarlag.
Info 
Web Redaktør 22.01.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]