Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Barnehagetilbod i fellesferien

¤EPII_TITLE¤

Som ei prøveordning vil dei kommunale barnehagane i 2018 gi eit tilbod om barnehageplass i fellesferien. Føresetnaden er at det melder seg nok søkjarar. Kommunen har sett grensa til minst 10 barn per dag/veke for at ordninga skal setjast i verk. Barna vert samla i ein av dei kommunale barnehagane, og foreldra skal ikkje betale ekstra for dette.

Tilbodet vert gitt i veke 28 (9.-13.  juli) og veke 31 (30. juli-3. august). Altså første og siste veke i fellesferien. Søknadsskjema vert no sendt ut til alle aktuelle foreldre. Skjemaet er også lagt ut som link på denne sida. Frist for innlevering til barnehagen er torsdag 19. april, og svaret er bindande. Dei kommunale vedtektene slår fast at barnet skal ha minst tre veker samanhengande ferie. Foreldre/føresette må difor opplyse om kva tid barnet skal ta ut desse tre ferievekene.

Opprinneleg var tilbodet ikkje tenkt å omfatte førskulebarna som skal slutte i barnehagen til ferien. Etter ein del tilbakemeldingar frå foreldre har kommunen kome fram til at tilbodet likevel skal gjelde for førskuleborna, men då berre som eit tilbod i veke 28. Dette fordi eit barnehageår går frå 1. august til 1. august.

Info 
Web Redaktør 21.03.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]