Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (søknadsfrist: 15. april 2018)

¤EPII_TITLE¤ Det er no mogleg å søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL). Formålet med SMIL- ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Søknadsfristen er 15. april 2018.  
Søknaden skal vere på fastsett skjema.  Skjema får du på servicetorget, på landbrukskontoret, eller du hentar det på nettet (Søknadsskjema SMIL). På Sykkylven kommune si heimeside kan du få nærare informasjon om SMIL-ordninga, sjå: Spesielle miljøtiltak i jordbruket. Her ligg òg søknadsskjemaet og tiltaksstrategien for Sykkylven. Treng du hjelp, ta kontakt med landbrukskontoret. 

For å kunne søkje om SMIL-tilskot må søkjaren oppfylle krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i landbruket §§ 2 og 4 (grunnvilkår og inngrep i kulturlandskapet). Søkjar må vidare oppfylle krava i forskrift om gjødslingsplanlegging og forskrift om plantevernmiddel § 18 (sprøytejournal).

Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket 
Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Kontaktperson i kommunen:
Karl Johan Stadsnes, rådgjevar miljø og landbruk
karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no
tel. 70 24 67 05

Info 
Web Redaktør 28.03.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]