Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Dreneringstilskot - søknadsfrist: 15 april 2018

¤EPII_TITLE¤ Tilskot til drenering kan gjevast for jordbruksjord som tidlegare har vore drenert. Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søkje kommunen om tilskot. Søknaden må innehalde: (1) plan for drenering av arealet og (2) kart der dreneringsarealet er teikna inn. Kjende automatisk freda kulturminne og eventuelle biologiske verdiar skal vere avmerka på kartet.
Søknadsskjemaet finn du her. Du kan også få skjemaet på servicetorget eller på landbrukskontoret. Tilskotet omfattar berre areal som tidligare har vore grøfta. Ofte vil gamle grøfter og grøfteutløp m.m. vere synlege. Dersom det er tvil om at arealet tidligare har vore grøfta, må eigar/søkjar dokumentere dette. Aktuell dokumentasjon kan til dømes vere tidlegare grøfteplanar, tilskotbrev om grøfting med grøftekart eller relevant faktura. Anna dokumentasjon kan vere stadfesting av entreprenør eller andre personar, t.d. foto som viser effekt av gamle grøfter, osv.

Tilskotet utgjer kr 2000 per daa ved systematisk grøfting, og kr 30 per løpemeter grøft ved anna grøfting, dvs. avskjeringsgrøfter og (tilfeldige) grøfter for å drenere mindre parti på jordet.

Meir informasjon finn du her:

Landbruksdirektoratet
Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord
Sykkylven kommune - tilskot til drenering av jordbruksjord

Ved spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret.

Kontaktperson i kommunen:
Karl Johan Stadsnes, rådgjevar landbruk og miljø
karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no
tel. 70 24 67 05
Info 
Web Redaktør 28.03.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]