Varslingstest - fjellskred.

Åknes/Tafjord Beredskap iks (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.
Torsdag 19. april mellom kl 15.00 og 15.30, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingsystema.
Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon.
I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune.
Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på
www.aknes.no eller på link på kommunen sine heimesider.
Vi oppfordrar om å informere barn om denne testen på førehand.
Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håper alle innbyggjarane har forståing for dette.
ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt skred blir utløyst.
Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS
post@aknes.no / 92251691