Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Oppstart av barnevernvaktsamarbeid i Giske, Sula, Sykkylven og Stranda

eit viktig samarbeid over kommunegrensene.  

 

Barneverntenesta skal etter Barnevernloven «sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid». Gjennom samarbeidet kring barnevernvakt skal no fire kommuner på Sunnmøre gå saman for å ivareta barnevernet sin akuttberedskap utover vanleg kontortid.

 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomførte våren 2017 ein undersøking av akuttberedskapen i det kommunale barnevernet. Resultatet viste blant anna at 48 % av tenestene ikkje oppfylte krava for formalisert akuttberedskap. Barnevernloven sitt krav om forsvarlege tenester krev  at alle kommunar skal ha bemanning, kompetanse og kvalifikasjonar som sikrar at barnevernet sine oppgåver vert ivareteke 24 timer i døgnet, 365 dagar i året.

På bakgrunn av dette har barnevernleiarane i Giske, Sula , Sykkylven og  Stranda starta eit arbeid for å etablere eit samarbeid som kan sikre akuttberedskapen etter kontortid.

Vaktnummer: 412 84 400 for kommunane Giske, Sula, Sykkylven og Stranda.

Det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet har oppstart 30.04.2018 og organiserast som ei bakvaktordning på telefon som vil vere bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider. Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å  rykkje ut for å bistå i situasjonar meir aktivt.

Info 
Web Redaktør 24.04.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]