Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kunngjering - Vedtak om endring av føresegner til kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet - Rekkjefølgekrav og forbod mot elektriske gjerde

Den 14.05.2018 gjorde Sykkylven kommunestyre følgjande vedtak:

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-17 godkjenner Sykkylven kommunestyre at følgjande endringar blir gjort i føresegnene til kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet:  

1.

Nytt punkt under 2.4 Rekkefølgjekrav (§11-9 nr 4) under infrastruktur i føresegnene:

«Det vert ikkje gjeve løyve til ny utbygging, før offentleg veg- og parkeringsplassar innan planområdet til Kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet har fått utvida kapasitet og oppgradert standard. Kommunal veg, Nysætervegen, skal min. stette krava som for samleveg, sa3 iht Svv Hb N100, for strekning med enfelts veg ei vegbanebreidde på 4 m, med 3 m køyrebane og 0,5 m skulder, alternativt for strekning med tofelts veg med ei vegbreidde på 6,5 m breidde, med 2 vegbaner på 2,75 m og skuldre på 0,5 m. Bruksklasse for begge BK 10. Fast dekke. Eventuelle kryssingspunkt i høve regulerte skitrasear, skal vere sikra med skibruer eller liknande. Parkeringsplassane innanfor tilsvarande kommunedelplanområde skal vere ferdig utbygde med fast dekke, samt ev. ordningar for betaling av p-avgift. Intensjonen i dette rekkjefølgjekravet kan stettas ved å inngå ein avtale med Sykkylven kommune om bidrag som sikrar gjennomføring av rekkjefølgjekravet.»

 

Tilleggspunkt under 2.2 Utbyggingsavtaler i føresegnene:

«Ein kan inngå ein avtale med kommunen om økonomisk bidrag for å stette rekkefølgjekravet om at offentleg veg- og parkeringsplassar skal få utvida kapasitet og oppgradert standard og eventuelle kryssingspunkt skal vere sikra med skibruer eller liknande før det vert gjeve løyve til ny utbygging (2.4 Rekkefølgjekrav). Kommunen kan då gje fritak frå rekkefølgjekravet før det er gjennomført.»

 

2.

Tillegg i føresegna punkt 2.5 «Byggegrenser, utbyggingsvolum og funksjonskrav» under andre avsnitt i «Uteareal»:

«Det er ikkje tillat å nytte elektrisk gjerde eller gjerde med materiale/utforming som kan vere til skade for beitedyr»

 

Avsnittet der endringa er tatt med:

«I område kor beitedyr kan forårsake ulempe og skade på eigedommen kan det som hovudregel tillatast inngjerding av maksimalt 200 m2 av tomta ved inngangsparti og mindre uteplassar. Det er ikkje tillat å nytte elektrisk gjerde eller gjerde med utforming/material som kan vere til skade for beitedyr. Gjerde skal tilpassast bygningane på tomta og utformast på ein diskret måte. Inngjerding skal ikkje hindre allmenn ferdsel til grøndrag, frilufts- eller turområde.»

 

Endringsforslaget var til høyring og offentleg ettersyn i perioden 15.01.2018-02.03.2018

 

Klageinformasjon

Godkjenninga kan klagast inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå denne

kunngjeringa. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men sendast skriftleg til

Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller postmottak@sykkylven.kommune.no.

Merk klaga med saksnr. 2016/1225.

Krav om innløysing eller erstatning må vere sett fram innan 3 – tre år frå denne offentlege kunngjering, jf. pbl. § 15-2 og 15-3.

Dokument knytt til vedtaket:

Særutskrift - Endring av føresegner til kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet - Rekkjefølgekrav og forbod mot elektriske gjerder

Melding om vedtak - Endring av føresegner til kommunedelplan for områda kring Nysætervatnet - Rekkjefølgekrav og forbod mot elektriske gjerde

15282013001 - Kommunedelplan Nysætervatnet - Føresegner rev.14.05.2018

Sjå her for meir bakgrunnsinformasjon om endringa.

 

 

 

 

 

Info 
Web Redaktør 22.05.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]