Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Klart for sommarles 2018!

¤EPII_TITLE¤ No er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles. Saman med barn frå over 370 andre kommuner kan alle barn i  1.-7. klasse i Sykkylven  frå  1. juni være med på Noregs kulaste lesekampanje!

Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. Målet med kampanjen er å motivere borna til å lese så mykje dei berre orkar og har lyst til i løpet av en lang sommarferie.

Sommarles har blitt ein hyggeleg tradisjon i Sykkylven. I sommar er det  faktisk 10. gongen Sykkylven bibliotek arrangerer denne uhøgtidlege lesekonkurransen. Og som vanleg gler vi oss til årets kampanje. Ved å gjere lesing litt ekstra morosamt håper vi at mange vil halde lesedugleiken ved like gjennom sommaren. Vi får stadig vekk hyggelege tilbakemeldingar både frå foreldre og lærarar om at barn som har vore med på Sommarles tidlegare faktisk har blitt betre til å lese etter ferien.

Sommarles gjer det gøy å lese!

- Sommarles er ei digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Borna lager seg ein profil, registrerer alt dei  les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side.

- Sommarles er for barn i 1.-7.klasse og  varer fra 1. juni til 31. august. Også dei som skal byrje i 1. klasse til hausten kan vere med.

- Borna får tilgang til ei spesialskriven  forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spill der ein løyser oppgåver knytt til forteljinga.

- I tillegg til XP kan borna også gjere seg fortent til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på Sykkylven bibliotek!

- Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.

- Sommarles vert  i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.

For meir informasjon sjå:  https://sommarles.no/

 

 

Info 
Web Redaktør 31.05.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]