Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Skular Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Pris til Sykkylvselevar - Verdas finaste berepose

¤EPII_TITLE¤ Verdas finaste berepose EB, frå Sykkylven ungdomsskule, er vinnarar av innovasjonskonkurransen til FN-sambandet og Ungt Entrepenørskap Norge!
Noah Suorza Kleiven, Emilie Kalstad, Maja Kvingedal, Benedicte Vangen Værnes og Johanne Hjortdal har saman utvikla ideen i valfaget Produksjon av varer og tenester.

Konkurransen gjekk ut på å kome fram til eit produkt, ei teneste eller eit konsept som er med på å løyse minst to av FNs berekraftmål.

Bereposane frå Verdas finaste berepose er laga av overskotsmateriale frå Ekornes ASA og er difor med å redusere plastforbruket.

I tillegg har bedrifta andre populære produkt også, som blir solgt på HUSET.

Slagordet til Sykkylven kommune er Skaperglede, noko som passar svært bra på dette.

Vi er svært stolte over at elevane våre vann denne prisen.

Rektor Randi Løseth Aasen

 

Premien på kr 5000 blir brukt på ein båttur for heile valfagsklassa, der dei blir henta med båt frå Christian gard på Trandal, og får seg ein fin båttur og kafebesøk på Trandal.

Info 
Web Redaktør 08.06.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]