Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Erstatning for klimabetinget avlingstap

¤EPII_TITLE¤ Har du stort avlingstap på grunn av tørke denne sesongen? Kommunen øsnkjer å gjere merksam på at ein kan søkje om erstatning ved avlingssvikt av klimatiske årsaker. Søknadsfristen er 31. oktober.
Vilkår for rett til erstatning for avlingssvikt
 
  • - Søknaden må vere sendt (elektronisk) innan søknadsfristen 31. oktober.
  • - Avlinga må vere under 70 prosent av gjennomsnittet dei siste fem åra. For grovfôr til eigne husdyr må avlinga vere under 70 prosent av normavling i føretaket pr. dekar.
  • - Det vert ikkje gjeve erstatning for dårleg kvalitet på grovfôr.
  • - Klimaforhold som er årsak til avlingssvikten må vere godt dokumentert. '
  • - Gje melding til kommunen straks du vert klar over skade som skuldast klima.
  • - Oppmåling av grovfôravling skal gjerast saman med kommunen eller fagmiljø som, etter avtale med kommunen, kan gjere det. 
  • - Føretaket har plikt til å avgrense og førebygge avlingstap, ved mellom anna å hauste avlinga.

Forskott

I år vil det vere mogleg å søkje om forskott på avlinggsskadeerstatninga.

Landbruksdirektoratet presiserer at det må ligge føre ein søknad i ELF om forskott for at dette skal kunne betalast ut, jf. Landbruksdirektoratet si
heimeside om avlingssvikt

Direktoratet har no lagt til rette ELF (søknadsportalen i Altinn) slik at søkjaren skal oppgi forskottsprosent som det vert søkt om, og skrive grunngjeving for søknaden i feltet for «Skadeårsak». Det er berre høve til å utbetale forskott dersom feltet der ein oppgir ønska forskottsprosent er fylt ut med eit tal (mellom 0 og 70).

Når søknaden skal slutthandsamast, skal det ikkje sendast ny søknad. ELF vil bli lagt til rette for tilleggsopplysningar etter at forskott er utbetalt. Når forskott er betalt ut, og den førebelse handsaminga er avslutta, vil det bli mogleg for søkjar å sende ytterlegere opplysningar via ELF, og desse opplysningane vil bli mottekne som e-post i kommunen og fylket. E-posten vil bli merka med ELF og søknadsnummer. Sakshandsamar skal oppdatere søknaden med endelege tal og erstatninga reknast ut på nytt. Opphaveleg søknad skal oppdaterast med endelege tal og erstatninga reknast ut på nytt.

Rundballar og fôrverdiar

Regelen for når fôrverdien kan fråvikast er no forskriftsfesta i nyleg fastsett forskrift, jf. § 9 «Fôrverdiene i § 15 i denne forskriften kan fravikes dersom det fremlegges representative fôranalyser som viser at det aktuelle fôrmiddelet avviker mer enn 15 % fra fôrnormen ved normalt tørrstoffinnhold.»
Dette skal opne for å ta omsyn til tørrstoffinnhald.

Rettleiing og informasjon

Meir informasjon om ordninga og korleis du søkjer om avlingsskadeerstatning finn du nedanfor:

Klimabetinget avlingstak - Landbruksdirektoratet
Søknad om erstatning ved avlingssvikt - Vekstgruppe grovfôr i føretak med husdyr
Søknad om erstatning ved avlingssvikt - Vekstgruppe grovfôr (salgsproduksjon)
Presiseringer for avlingsskadeerstatning, produksjonstilskudd og RMP - søknadsåret 2018
Erstatning ved avlingssvikt - Noregs Bondelag

Spørsmål kan elles rettast til:

Mandy Häger, jordbrukssjef
mandy.hager@sykkylven.kommune.no
tel. 70 24 67 10

Karl Johan Stadsnes
karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no
tel. 70 24 67 05

Info 
Web Redaktør 15.08.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]