Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kurs i PMTO-foreldrerådgjeving for Sykkylven og Ålesund

¤EPII_TITLE¤ Tysdag, onsdag og torsdag denne veka har 15 kursdeltakarar frå Sykkylven og Ålesund halde til på Brannstasjonen i Sykkylven.

Her har PMTO-terapeutane Hilde Vestre Bjørnestad, Mette Brenne og Anita Mosby Nakken halde kurs i PMTO-foreldrerådgjeving, med støtte frå PMTO-regionskoordinator Terje Sliper frå Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og PMTO-veileder og koordinator Elin Eriksen frå Ålesund. Kursdeltakarane har fått prøve seg på både rollespel og dramatiseringar, i tillegg til førelesning og refleksjonar omkring tema som til dømes korleis foreldre kan gi gode beskjedar til barna sine.  

Dei ni kursdagane deltakarane skal gjennom denne hausten, vil gjere dei klare for å tilby rådgiving til foreldre som opplever utfordringer med barna hjemme og/eller i barnehagen og på skolen.  

Kurset er steg 2 av 5 i implementeringa av TIBIR (Tidlig innsats for barn i risiko) som kommunen starta på i 2015. I perioden frå november 2015-mai 2017 har dei tre PMTO-terapeutane vorte sertifiserte til å gi PMTO-behandling til føresette med barn i alderen 3-12 år som har utfordringar i samspelet og kommunikasjonen med barnet. Steg 3 i TIBIR er konsultasjon, som inneber at foreldrerådgjevarane blir konsulentar som  kan rettleie tilsette i barnehagar og skular. Siste stega er kartlegging og sosial ferdigheitstrening.

Foreldrerådgjevarane som no vert kursa, arbeider i barneverntenesta, på PPT og helsestasjonen i tillegg til spes.ped. barnehage. Kursdeltakarane frå Ålesund kjem frå ressursteamet for grunnskole og ressursbasen.

 

PMTO = Parent Management Training-Oregon)

Kurs i PMTO-foreldrerådgjeving for Sykkylven og Ålesund1
Fotograf: Hilde Bjørnestad

 

Kurs i PMTO-foreldrerådgjeving for Sykkylven og Ålesund2
Fotograf: Anita Mosby Nakken

 

Kurs i PMTO-foreldrerådgjeving for Sykkylven og Ålesund3
Fotograf: Hilde Bjørnestad 

 

 

 

Info 
Web Redaktør 03.09.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]